SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 121 skann 123

121 IV. Arbeidsplan for skuleåra. 1 Innleiing. Biologi. Dei plantar og dyr som er nemnde i arbeidsplanen, er skipa såleis: 1. Type som ein går igjennom nokolunde omstendeleg (minstekrav) . 2. Nærskylde plantar og dyr som ein går igjennom i samband med typen i den mon ein får tid til det. 3. Plantar og dyr (sette i parentes) som ein berre nemner i samband med typen og med framsyning av sjølve plantane og dyra, preparatet eller teikninga. Ein er ikkje bunden til å ta dei typar som er nemnde i arbeidsplanen, men kan ta andre tilsvarande typar, så framt det høver betre. Oftast vil det høva best å gå igjennom plantane vår og haust. Kan ein ordna timetabellen såleis at læraren i naturfag har andre fag og, bør ein i den tida det er lett å firma dei ymse plantane og dyra, ta nokre fleire timar i botanikk og zoologi enn timeplanen syner. Dei timar som ein såleis tek ifrå andre fag, må desse faga få att i vinterhalvåret. Fysikk. D. tyder demonstrasjonsfreistnader av liknande slag som i Holmsen og Strøm: Naturkunnskap, 18. opplaget. Kl, K 2, K 3 osb. tyder freistnad nr. 1, 2, 3. . . i Elevf o r s ø k i fysikk av Jon S. Kås a. I staden for desse freistnadene kan ein ta andre tilsvarande freistnader som finst i godkjende lærebøker eller oppgåvehefte. Nummera på dei freistnader som elevane skal gjera, er sette med kursiv. E tyder elevfreistnad av liknande slag som i K å s a s bok. 4. skuleåret. Biologi. Nokre av dei viktigaste helsereglane. 2 Plantar. Åkersennep (ytre bygning, hovuddelane og kva dei er til og har å seia), kål, kålrot, nepe — 1-års og 2-års plantar. Syn 1 Det som høyrer til minstekrava (og som såleis alle skular skal gjennomgå) er sett med kursiv. 2 Her og i dei 2 neste skuleåra tek ein med nokre stutte, viktige helse- reglar om reinsemd, klede, arbeid og kvild, frisk luft osb.
Skann 123 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 121». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/123/