SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 120 skann 122

120 elevar arbeida i lag, såleis at t. d. ein elev gjer sjølve freistnaden, ein noterer, og ein gjer utrekningane. Ein skifter såleis at dei einskilde elevane får nokolunde same øving i dei ymse slag arbeid. Alle elevane i ei arbeidsgruppe fører til slutt inn skildringa, utrekninga osb., kvar i si arbeidsbok. Sjå elles om demonstrasjonsfreistnader framanfor. 3. Hjelpemiddel. Kva hjelpegreier ein skal bruka, står på kva slag freistnad em skal gjera. Dei fleste elevfreistnader bør krevja så einfelte og billege hjelpemiddel at ein større part av elevane kan laga dei sjølve når dei får turvande rettleiing (fysikksløyd). Slike einfelte hjepegreier har mel. a. den føremon at elevar som tykkjer mon i det, kan skaffa dei sjølve og driva freistnader utanom skulen og. Ein stor del av vyrket til apparata kan vera slike ting som sneller, stålkuler, spiralfjører, gummiband, røyrer og glas ay ymse slag, speglar, linser, knappenåler, macnetnåler, hestesko, hyssing, kopartråd o. 1. Det er mykje om å gjera at apparatsamlinga alltid er i god orden, at kvart apparat har sin faste plass og er i fullt brukande stand til kvar ei tid. Difor bør det vera ein serskild lærar som fører tilsyn med samlinga. Leseboka. 1 Kvar elev må ha ei slik bok, som berre skal vera til stønad for opplæringa. Ho bør ha arbeidsoppgåver og turvande rettleiing om korleis ein bør planleggja og gjera freistnadene, såleis at ein mest råd er kan lata elevane arbeida sjølve. Til heimearbeid kan elevane t. d. føra inn (reinskriva) i arbeidsboka skildringar av freistnader som er gjorde på skulen, løysa arbeidsoppgåver av ymse slag, samla emne, laga einfelte apparat o. 1. 4. Tilhøvet til andre fag. Fysikk og kjemi gjev godt høve til samarbeid med andre fag (samla opplæring). I fysikk og kjemi vert det såleis bruk for dugleik i teikning og grafisk framsyning, rekning, norsk og sløyd. Og så kan ein i rekne-, teikne- og norsktimane velja emne frå fysikk og kjemi. Samarbeid mellom fysikk og kjemi på den eine sida og dei andre greiner av naturfaget på hi sida er nemnt før. Like eins er det nøyen samanheng mellom denne delen av naturfaget og geografi og husstell. 1 Om å bruka leseboka sjå 3 e i bolken om biologi.
Skann 122 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 120». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/122/