SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 119 skann 121

119 kan høva godt til opptak når ein vil vekkja ans for emnet hjå elevane. Kjem ikkje elevane sjølve med spørsmål, så får ein på så fri og uvand måte ein kan, prøva å vekkja hugen med samtale og såleis få spørsmåla fram. Læraren kan og med ymse freistnader prøva å vekkja interessa og få borna til å koma med spørsmål. At t. d. eit metall kan brenna og at eit ljos til slutt sloknar i eit lite rom som er lufttett, vil jamnast gjera forbrenninga til eit problem for borna, som dei gjerne vil ha nærare greie på. Mange ting i det praktiske livet er og godt skikka til å kalla fram spørsmål som elevane gjerne vil granska, t. d. vitjing på eit nybygg, på ein verkstad eller ein fabrikk. Freistnader er viktigaste læreforma i fysikk og kjemi. Ein kan dela freistnadene i: a) Demonstrasjonsfreistnader som læraren gjer åleme, eller saman med eit par elevar til hjelpesmenn. Einfelte demonstrasjonsfreistnader vil elevane og — i minsto dei duglegaste — kunna gjera. Ein bør då skipa det såleis at flest mogeleg etter tur får gjera slike freistnader, og ikkje lata berre nokre få sleppa til å prøva seg. Framgangsmåten med freistnadene vil jamnast verta: 1) Å setja problemet: Kva skal vi granska? 2) Å plarJejggja freistnaden. 3) Å gjera sjølve freistnaden. 4) Å notera resultatet av freistnaden og dra slutningar av det. Alle elevane skriv planen for freistnaden inn i arbeidsbøkene sine, ser freistnaden, teiknar og skildrar han, skriv opp resultata, og finn ut mest råd er med eiga hjelp kva ein kan læra av han. Demonstrasjonsfreistnadene bør ikkje te seg som sensasjon og kunststykke. Dei skal vera leder i arbeid som tek sikte på å verkeleg granska det problem ein arbeider med. Læraren må vera så vel førebudd at freistnaden ikke mislukkast, men om det skulle henda, så må ein ikkje kvida seg for å gjera han ein gong til. b) Elevfreistnader. Elevane må — så langt råd er — få gjera freistnadene sjølve, og dei må vera mest mogeleg aktive, både med å planlegg ja og gjera freistnaden og med å forma ot dei endelege resultata. Ein freistnad som eleven sjølv gjer, har vanleg langt større verd for han enn jamvel svært gode demonstrasjonsfreistnader. Elevfreistnadene kan vera såleis at heile klassa gjer em og same freistnad samstundes, eller at dei einskilde gruppene av elevar gjer ulike freistnader i same timen. Jamnast kan 2 — 3
Skann 121 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 119». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/121/