SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 118 skann 120

118 3. Elevane skal kunna bruka leseboka og vanlege handbøker, så dei med eiga hjelp kan skaffa seg opplysningar og kunnskapar i fysikk og kjemi. 4. Dei skal kjenna litt til nokre av dei viktigaste fysiske lovene, og kva desse lovene har å seia i kvardagslivet. Minstekrava er sette med kursiv i arbeidsplanen. 1 Dei må verta nøgnare fastsette i dei bøkene som vert godkjende til bruk i skulen. 111. Rettleiing. 1. Emne val. Opplæringa kan ikkje ta sikte på ei systematisk gjennomgåing, såleis at ein tek med litt om ei mengd med ymse ting. Oppgåva er ikkje å freista å skaffa elevane ei stor mengd med varande kunnskapar — noko som røynsla har synt ikkje vil lukkast — , men fyrst og fremst å gjeva elevane levande interesse for å løysa problem, stendig å auka røynslene sine og alltid freista skjøna meir av det lovbundne i naturen. Ein må framfor alt passa på at ein ikkje tek med for mykje og for vanskeleg stoff, men så langt råd er, gjera eit lite, høveleg utval av stoff som elevane har føresetnader for å greia, og som dei naturleg interesserer seg for. Serleg viktig er stoff som syner korleis menneska nyttar naturkreftene i det daglege livet — i heimen, i handverk og industri, i jordbruk, samferdsle osb. Hugmåla er ikkje dei same hjå gutar og g jenter. Gutane og gjentene har heller ikkje på jamnen gjort dei same røynslene i kvardagslivet. Dette må ein og ta omsyn til når ein vél stoff. 2. Arbeidsmåte. Å vekkja ans for fysiske og kjemiske problem. I alle fag er det mykje om å gjera åfå elevane så interesserte at dei kjem med spørsmål og sjølv får hug til granska saka. Dette kan ein i fysikk og kjemi mellom anna få til med å gå ut ifrå leiken til borna og tinga dei leikar seg med: Å vippa på ein planke, kasta ljoset på ein vegg ved å bruka lommespegel, å leika seg med jarnveg og anna leikety. Slikt 1 Fleire stader er berro nummera på stoflfdelane, øvingane o. 1. sette med kursiv i arbeidsplanen.
Skann 120 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 118». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/120/