SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 117 skann 119

117 Dei emna frå fysikken og kjemien som ein såleis til sine tider kjem inn på i biologitimane, repeterer ein seinare i den eigenlege fysikk- og kjemiopplæringa. Sameleis er det viktig å ta biologiopplæringa i samanheng med andre fag der det høver. Nokre døme: 1) Poteta. Kjemi: Litt om stivelse, potetmjøl o. m. Geologi: Ein nemner dei jordslaga poteta trivst best i. Rekning: Å rekna ut kor mykje det vert dyrka på kvart dekar, kor mykje poteter ein dyrkar i landsluten og i heile landet, kor mykje avlinga er verd osb. 2) Det vert bruk for kjemi når det gjeld å ta opp næring, når det gjeld matmelting, ånding, assimilasjon av kolto o. m. 3) Samband med fysikken har ein ved biologiske emne. t. d. symjing, flyging, syn og høyrsle. . 4) Samband mellom geografien og biologien har ein t. d. når det gjeld spørsmålet om kor vidt utbreidde plantar og dyr er, kor dei viktigaste innanlandske og utanlandske kultur- og nyttevokstrar finst. 5) Mellom biologi og norsk og biologi og teikning kan det og verta høve til samband: Ved biologiske skildringar og forteljingar spørst det etter dugleik i norsk, og like eins må elevane teikna i biologiopplæringa. Men så vil og både norsk og teikning kunna ha nytte av biologien: I norsk kan ein gjeva stiloppgåver om biologiske emne, og i teikning kan elevane få oppgåver frå biologien. Fysikk og kjemi. I. Mål. Elevane skal få noko kjennskap til verksemda åt dei fysiske og kjemiske naturkreftene med å sjå korleis desse kreftene verkar i kvardagslivet, og med freistnader som elevane i så stor mon som råd er, gjer sjølve. 11. Minstekrav. 1. Kvar elev skal frametter i skuletida — åleme eller i lag med eit par kamerater — ha gjort minst 10 lettare elevfreistnader, og ført resultatet inn i ei arbeidsbok. I denne boka skal eleven ha gjevi ei nokolunde heil skildring av kvar freistnad og resultata av han. Såleis skal arbeidsboka — alt etter arta av freistnaden — innehalda: Sjølve oppgåva, skildring og teikning av apparata, skildring av sjølve freistnaden, resultatet av målingar, vegingar og utrekningar, om såvori har vori gjort, og kva ein kan læra av freistnaden. 2. Elevane skal kunna nemna døme som dei har råka på i naturen og kvardagslivet, og som svarar til. det freistnadene syner.
Skann 119 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 117». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/119/