SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 9 skann 11

9 IV. Minstekrav. Etter skulelova skal normalplanen innehalda minstekrav «som er bindande for alle skular». Det som høyrer til minstekrava, skal ein ha gått gjennom i dei 7 skuleåra. Ein er ikkje bunden til å skifta stoffet på dei ymse skuleåra slik det er gjort her, men av omsyn m. a. til dei elevane som flytter frå kommune til kommune, vil ein råda til at ein fylgjer denne planen så langt råd er. Minstekrava i denne planen er av fleire slag : Det kan vera fastsette arbeid som elevane skal gjera (døme: å samla og pressa plantar, å gjera visse freistnader), det kan vera ein viss dugleik elevane skal få i å gjera ymse slag arbeid (t. d. å skildra naturting, bruka handbøker), det kan vera krav om stoff ein skal gå igjennom eller læra osb. Av di planen i stor mon byggjer på arbeidsskuleprinsippet, har ein gjort minstekrava etter måten minder vidfemnande når det gjeld å gå igjennom stoff i orienteringsfaga (soge, geografi og naturfag). Ein har lagt hovudvekta på å øva elevane meir i sjølvstendig arbeid og læra dei til sjølve å finna fram til stoff dei har bruk for. Dei gamle kunnskapskrava i orienteringsfaga førde ikkje til at elevane fekk mange varande kunnskapar 1 når ein tek omsyn til det planen kravde. Å halda på dei gamle kunnskapskrava samstundes som ein i rimeleg mon vil føra igjennom arbeidsskuleprinsippet, er uråd, og det ville vera heilt i strid med denne planen. Av di det ikkje er fullnøyeleg etterrøkt kva ei klasse med vanlege evner kan greia av såvori arbeid som denne planen krev, så har ein vori nøydd til å setja opp minstekrava meir eller minder på eit skjøn.* Av same grunnen har det heller ikkje vori råd i større mon å setja opp fast avgrensa krav. Ein har difor ofte loti nøya seg med å forma minstekrava i meir ålmenne ordlag. I norsk, rekning og orienteringsfaga' (soge, geografi og naturfag) har ein og jamsides med verdsetjinga etter skjøn, bygt på ei rekkje vidfemnande etterrøknader av lærestoffet i folkeskulen. Ein større eller mindre part av elevane har ikkje føresetnader 1 Sjå såleis Undervisningsplanene i folkeskolen utgitt av Komiteen for pedago- gisk forskning, Gyldendal Norsk Forlag 1936. Seinare når ein viser til dette arbeidet, er avstyttinga U. P. nytta. 2 Det er jamnast fleire røynde skulefolk som har vori med og sett opp minstekrava for dei einskilde faga. 3 For kristendomskunnskap er det ikkje sett andre minstekrav enn dei som finst i skulelova.
Skann 11 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 9». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/11/