SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 116 skann 118

116 Om hausten: Lauvet gulnar, lauvfall, fuglane samlar seg til bortferd, frø og fruktformer vert spreidde, sopp som viser seg osb. Om vinteren kan ein sjå på alle slag far i snøen, vinterknuppar, vinterkvild o. m. Noko av det elevane ser ute i naturen, bør dei skriva opp i arbeidsbøkene sine med teikningar, skisser o. a. Ein må passa på at ein ikkje lagar arbeidet slik at elevane misser gleda av å gå ute i naturen og «gjera opp* dagingar». Ei av dei viktigaste oppgåvene for biologiopp* læringa er å gjera menneska til naturel skarar, som går med opne augo og open hug ute i naturen, og med trong til å oppdaga eitkvart nytt. e. Lesebøker i biologi. Frå og med 5. skuleåret skal elevane ha lesebok i biologi (d. e. botanikk og zoologi). Brukar ein bok i 4. skuleåret, må ein berre nytta henne til lesebok. I 7. skuleåret skal elevane ha ei serskild bok i helselære. Boka bør mel. a. ha spørsmål og oppgåver i samband med stoffet elles, og ho bør vera tilbudd med gode bilete og ei innhaldsliste. Nyttar ein prenta oppgåver, sparer ein tida som elevane elles brukar til å skriva av oppgåvene. Bøkene bør fyrst og fremst vera om ting som elevane ikkje får høve til å sjå sjølve, t, d. visse drag av planteliv og dyreliv, indre bygning hjå plantar og dyr, framande vokstrar og dyr osb. Korleis vanlege, heimlege vokstrar og dyr ser ut, skal eleven fyrst og fremst få greie på med å sjå sjølve plantane og dyra, eller i alle fall med å sjå preparatet og bilete, og ikkje med å nøya seg berre med skildring av dei i leseboka. 1 Derimot kan bøkene ha høvelege spørsmål som eleven skal svara på, med di han t. d. studerer tinga og ser på teikningane i bøkene. Bøkene bør ein for det meste berre bruka som handbøker til stønad for den opplæringa ein har gjevi på førehand — såleis at elevane les etter og fester seg ved sume viktigare delar av emnet. 4. Biologien og dei andre delane av naturkunnskapen. Biologien og andre fag. Der det er naudsynleg for at elevane skal skjøna det biologiske emnet, eller der det høver godt, har det mykje å seia at ein tek biologien i samband med stoff frå dei andre delane av naturkunnskapen (samla opplæring). 1 Reint ille ville det vera å gjeva elevane slikt stoff til lesing heime utan at dei får sjå sjølve tinga, preparat eller bilete.
Skann 118 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 116». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/118/