SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 115 skann 117

115 kan sjå dei. Dei må vera tydelege og klåre, så ein kan sjå alle viktige einskildting. Ein kan bruka biletet til å prenta inn og ta opp att stoff som alt er gjennomgått, ein kan nytta bilete attåt det at ein viser fram naturtingen, når han er så liten at ein ikkje kan sjå einskildtinga tydeleg osb. Jamsides med vanlege bilete kan ein bruka balloptikonbilete. Dei er lettare å gøyma og er billegare. Biologisk film kan vera til stor nytte i opplæringa. Teikningar på veggtavla med kvitt krit og farga krit gjer ofte framifrå teneste som åskodingsmiddel, og det bør ein nytta mykje. Ein skal ikkje teikna alt, berre det viktigaste og det typiske. Teikninga skal vera skjematisk, såleis at ein lett ser det ein skal sjå. Ein kan teikna såvori som bladf ormer, blomar, det indre auga hjå mennesket, blodlaupet hjå ymse dyr osb. Ikkje berre læraren, men elevane og bør få teikna på tavla. Grafisk framsyning kan høva, t. d. når det gjeld å syna storleik og mengd (høvet mellom talet på kvite og raude blodkorn i ei viss mengd blod, tuberkulosen som dødsårsak i ymse landsluter og land osb.). Lupe. Skulen må ha eit klassesett, men helst bør elevane ha kvar si lupe. d. Arbeidsskuleprinsippet i biologiundervisninga: I biologi er det rikeleg høve til sjølvverksemd for elevane, både når det gjeld den manuelle verksemd og det meir sjølvstendige, frie åndelege arbeidet. 1) Av manuelt arbeid kan ein t. d. nemna: Å laga kasser og anna for vokstrar og dyr, å stella med dei levande dyra og vokstrane som finst på skulen, å samla naturting til opplæringa og samlingane, å laga modellar, teikna, å pressa plantar osb. 2) Av meir eller minder sjølvstendig arbeid: Å granska plantar, dyr og naturovringar, og å spørja og svara på spørsmål om det som er åtgått o. a. Ein må leggja største vekta på å få elevane til å sjå mest mogeleg på eiga hand og til å notera og greia ut om det dei ser. Dette er det godt høve til i alle årstider. Om våren kan ein t. d. sjå blomstermjølet frå hassel, older, gran og fure, flyttfuglane som kjem att, reirbygging, fyrste vårblomane, lauvsprettet. Om sumaren kan ein t. d. studera insektvitjinga på blomane, tida når dei ymse fivrelda syner seg.
Skann 117 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 115». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/117/