SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 114 skann 116

114 midvinters (t. d. hegg, hassel, selje). Rotlaging på ein kvist av selje osb. Freistnader i zoologi: Freistnad med å sjå kor ljosnæm meitemakken er. Freistnad med å fora insektåmer med ymse plantedelar (t. d. fivreldeåmer, flugeåme). Freistnader i helselære: Korleis pupillen vidar seg ut og dreg seg saman, hudkjensla (ulik varleik på dei ymse kroppsdelane), varme- og kuldepunkt. Freistnadene bør ein sjølvsagt ikkje gjera her og der og tilfelleleg, men de\ må veksa fram av ei oppgåve ein skal løysa. Så langt råd er, må elevane sjølve gjera freistnadene — einskildvis eller i grupper — , men fleire freistnader er såleis at læraren bør gjera dei åleme eller med eit par elevar til hjelpesmenn. Sume freistnader som serleg høver til elevøvingar, er i arbeidsplanen merkte med ein E. Tørrpreparat: Forsteiningar, skal av kreps, sniglehus, skjeler, pigghudingar og korallar, reinsdyrtaggar, horn, insekt og bolet deira (t. d. kvefsebol, humlebol), utstoppa dyr, egg og fjør av ymse slag fuglar, ymse treslag, frø og frukter, pressa plantar og plantedelar i herbarium osb. Våtpreparat gøymer ein best og billegast i ein formoloppløysning ( x / 10 formol, 9 / 10 vatn) eller i7O pst. alkoholoppløysning. (Den siste væska dreg ofte ut fargeemna.) På denne måten kan ein konservera fisk, frosk, krypdyr, ormar, einskilde organ (heile, hjarta, nyre, lunge osb.). Ein må sjølvsagt ikkje gøyma på alt mogeleg, men helst slikt som er sjeldfengt, og er vanskeleg å få tak i når ein har bruk for det. Modellar av naturting bør ein berre bruka til skodingsmiddel når det er turvande, t. d. når den verkelege naturtingen er uråd å få til rettes (utanlandske kulturvokstrar, det som er innvertes i menneskekroppen osb.), eller når tinga er for små til at ein kan sjå dei godt med berre auga (manneauga og -øyra, munnen på insekt o. 1.). Bilete. Det opplæringsmiddel som det gjerne fell lettast å bruka, er bilete, og det vert difor ofte til det at ein brukar bilete i staden for sjølve naturtinga. Dei bileta ein nyttar, må vera gode, vitskapleg og kunstnarisk. Til veggbileta må ein mel. a. setja desse krava: Dei må vera så store at heile klassa
Skann 116 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 114». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/116/