SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 113 skann 115

113 Ein bør velja insekt med egg som ikkje treng for lang tid å veksa frå egg til puppe eller ferdig insekt. Døme: nesiefivrelda. Fugl e brett attmed skulevindaugo. Alle dei ting som er nemnde her, treng tilsyn og stell. Noko kan dei største elevane gjera, men læraren må så å seia dagleg passa på at alt er i orden. Plantar i skulen. Blomepotter og kasser med ymse slag vokstrar som trivst inne, bør finnast på kvar skule. På denne måten kan borna læra å kjenna dei ymse planteslaga og det dei treng: Einfrøbladingar og tofrøbladingar, heimlege og framande, vokstrar som treng mykje væte, og vokstrar som må ha tørr jord, laukplantar osb. Elevane kan og på denne måten studera skadedyr (bladlus, årna av kålfivreldet o. a.) og sjukdomar på planten (sopp, mjøldogg osb.). Den levande planten er det viktigaste åskodingsmiddel i den botaniske klasseopplæringa. Når det gjeld ugrasplantar eller andre plantar som det finst mykje av (t. d. då, vassarv, timotei, kløver, gullboste, vinterkarse, kvitsymre), bør alltid kvar elev få ein heil plante. Gjeld det derimot ymse nyttevokstrar (t. d. erter, bønner, potetplanten), eller sjeldnare plantar (t. d. gullstjerne), bør det vera nok med einskilde plantar og plantedelar som læraren sjølv får til rettes, så ikkje elevane i sin ihuge skal gjera skade. Når ein samlar inn plantar, må læraren alltid innprenta borna at dei må fara varsamt fram og ikkje øydelegg ja noko. Elevane skal ikkje berre lausleg greia ut om plantane, men dei skal kjenna på dei 6g, og bruka lukt og smak^ (ikkje giftige vokstrar) så kjennskapen vert så allsidig som råd er. Elevane må då og då få teikna det dei ser. Då vert dei nøydde til å sjå nøgnare. Teikninga stør dessutan minnet. Freistnader med levande plantar og dyr skal serleg syna elevane dei viktigaste livsovringane. Det kan berre verta spørsmål om nokre svært einfelte freistnader. Her er nokre døme (siå elles arbeidsplanen for dei ymse skuleåra). Freistnader i botanikk: Spiringsfreistnad med korn, skolmfrukter, nøtter og poteter til å syna korleis dei tek i seg vatn, svell ut, påvising av omlaginga av stivelse til sukker. Næringsfreistnader med ymse jordslag: sand, myrjord, moldjord osb., (freistnad med karse, sennep, små frø). Assimilasjonsfreistnader. Stivelse i blad, korleis vatnet stig i ein stilk, borteiming osb. Sjå t. d. Trygve Braarud: Plantefysiologiske skoleforsøk, Oslo 1938. Å driva fram vinterknuppar 8 — Normalplan for landsfolkeskulen.
Skann 115 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 113». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/115/