SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 112 skann 114

112 3) Det høver ofte godt å dela klassa i grupper som kvar får si oppgåve. 4) Ein tek kvilestunder, leik og song inn imellom arbeidet. 5) Elevane tek med hefte til notat, skisser og teikningar. Læraren tek imed ein insekthåv og ein håv til å fanga vassdyr med, noko til å gøyma dyr og plantar i o. m. 6) Det ein har samla inn på ferda, tilarbeider ein i skulen snøggast råd ©r etterpå og fører det inn i arbeidsboka. Der det høver, nyttar ein ut skulehagen i botanikkopplæringa. b. Opplæringa i skulen. I denne opplæringa og må elevane mest råd er få granska levande materiale. Difor må læraren lengst råd er syta for å få såvori materiale til rettes. Ein kan i, d. få tilfang frå iskulehagen, gartneri, fiskarar og fiskeforretningar osb. Elevane kan og ta med seg visse ting: plantar, insekt og anna. Dei som er serleg interesserte, tek vel og imed ting som dei har slumpa til å få fatt på, og som kan gjeva høve til ei sers gagnleg aktuell opplæring. Ein må sjølvsagt gjera alt dette såleis at det ikkje vert gjort nokon sikade. Når ein har levande dyr, må ein ikkje plaga dei. Lågare dyr av ymse slag held ein best stuttare og lengre tid i akvarium, terrarium og insektkasser e. 1., men ein må berre samla inn der det er einkvan til å stella med dei, om dei treng stell. Akvarium. Til akvarium kan ein bruka eit større glaskar, eller ei kasse, med ramme av jarn eller tre, vegger av glas (helst spegelglas) og botn av sterkare glas (trådglas). Botnen dekkjer ein med eit 2 — 3 cm tjukt lag jord med godt utvaska sand oppå, og så plantar ein ut vass- plantar som skal laga nøre (vasspest). Ein må ikkje ha for mange og for store vassdyr oppi akvariet, heller ikkje «rovdyr», men mindre fiskar, t. d. karussar, stingesild, sume slag sniglar, små krepsdyr, salamandrar om våren. Omfram eit slikt akvarium, som kan syna fram eit heilt livssamfunn, kan ein ha mindre vasskar, der ein kan studera einskilde dyrearter, t. d. ha eit glas med billeåmer, augnestingåmer, vårflugeåmer, vaksne vass- kalvar. Ein kan og sjå korleis eit froskegg veks ut i eit slikt kar. Ofte kan ein leggja eit akvarium ute, med di ein lagar ein liten dam nær skulen. Terrarium. Til terrarium kan ein nytta ei trekasse med lok av glas og med eine veggen av glas eller grovmoska ty. Ein må syta for opningar i kassa, så lufttilførsla vert rikeleg. På botnen legg ein våt mose, turr sand osb. Ein må lata dyra få vatn og høveleg mat, alt etter det dyra" treng. I terrariuma kan ein halda hage-, skogs-, åkersniglar (for: gulrøter), kvite myser. Insektkasser. Serleg forvitneleg er det å halda nokre av dei heimlege insekt i ei insektkasse som ein kan laga på same måten som terrarium, eller ein kan bruka t. d. sylteglas. På botnen legg ein våt mose. Oppi desse kassene eller glasa legg ein så egg eller åmer av insekta saman med næringsplantar, som ein då og då skifter med nye.
Skann 114 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 112». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/114/