SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 111 skann 113

111 På ein tur om hausten kan ein sjå korleis fargane på vokstrane har skift, ta med nokre plantar og pressa dei osb. Då kan ein og firma frukter av ymse tre: hasselnøtter, nyper, bær osb., og nemna nokre dyr som lever av fruktene, t. d. ikorn, trost. Om våren i 6. skuleåret kan ein utvida kjennskapen til vårblomane osb. Om hausten kan ein samla frø og frukter, t. d. rognebær, nyper o. a., noko for å tørka dei og nytta dei til fuglemat om vinteren, og noko for å bruka dei til åskodingsmiddel. I 7. skuleåret kan ein auka kunnskapane, og ein kan så til slutt ta med eit bilete av livet ute i skogen. Ein kan gjera spørsmål: Kvifor kjem sume plantar så tidleg på våren? Dei har underjordisk stengel. Kvifor lyt desse plantane bløma så tidleg? Jau, snart står trea lauvkledde, og då er det ikkje ljos nok nedpå marka. Ein kan og minna om det årlege lauvfallet og humusdekket som finst i skogen, der allslags makk og insekt finn næring og vern. Ein kan sjå at om sumaren får vi fleire skuggeplantar inne i skogen, og ein kan syna kor stor skilnad det er på ljosstyrken på fri mark og inni skogen. Inni skogen finn ein gauksyre, visse burkneslag o. fl. Ein kan sjå korleis desse vokstrane snart visnar om ein flytter dei ut i vanleg dagsljos. På same måten kan ein studera stadene for andre «livssamfunn»: ei myr, ei eng, eit vatn osb. 3. Arbeidsmåtar og hjelpemiddel. Så langt råd er, skal elevane sjølve skaffa seg kjennskap til naturen — dyr, plantar og andre ting frå naturen og biologiske ovringar. a. Biologiske utferder: Det beste høvet til å læra plante- og dyrelivet å kjenna får elevane på stuttare eller lengre biologiske utferder. Her ser dei alt det som lever, i naturlege tilhøve. På ein slik lur kan elevane få skjerpt synet og sansen for naturen og få vekt interessa for naturen. Her får dei augo sine opna for naturvénleiken i fonn og farge, i ljod og tonar og rørsler. Her kan grunnlaget til frisk og ekte naturkjensle og kjærleik til heimstaden verta lagt, og her kan elevane 6g gjera røynsler for opplæringa elles, og dei kan, så langt dei ikkje gjer skade, samla ting frå naturen til opplæringa i sjølve skulen. Difor bør ein ta så mange slike læreutferder som ein på rimeleg måte kan — og i alle skuleår. Men skal elevane ha noka verkeleg nytte av desse utferdene, så må ein mel. a. passa på dette: 1 ) Læraren må på førehand med sjølvsyn få greie på kva han just på vedkomande stad og til den fastsette tida kan og vil syna elevane. Like eins må han ha greie på kor lang tid turen vil ta. 2) På ei ferd må ein framfor alt samla arbeidet om ein- skilde ting, ikkje gjeva heile leksjonar. Det vil ta for lang tid. Heile leksjonar høyrer heime i skulen.
Skann 113 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 111». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/113/