SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 110 skann 112

110 2. Å ordna stoffet. Ein går igjennom einskilde typar etter måten grundig, og tek så med — etter som ein har tid og høve til det — - sume av dei plantar og dyr som har visse drag sams med typen, og som høyrer til same gruppa. Til slutt (i siste skuleåret) bør elevane få eit stutt oversyn over framvoksteren til livet på jorda — frå dei lågaste plantane og dyra til dei høgaste, og korleis dei etter slektskapen kan skipa alt levande i grupper. I arbeidsplanen for skuleåra er plantar og dyr førde opp nokolunde i den orden som ein vanleg har bruka i folkeskulen. Læraren må likevel ikkje kjenna seg bunden av den rekkefylgja som er sett opp for kvart einskilt skuleår, men leggja planen sin for opplæringa såleis som han meiner det høver best for staden. Læraren kan 6g ordna stoffet i biologiske grupper : vokstrar og dyr i skogen, vokstrar og -dyr på enga osb., og i alle høve må han syna elevane korleis vokstrar og dyr lever i lag på dei ymse stadene og treng kvarandre og er underg jevne tilhøva elles i naturen. Ein må koma i hug at ein ikkje tek med for mange av dei dyra og vokstrane edn ser på ein stad, og slett ikkje må ein ta for mange døme på ein gong, men velja få og sermerkte dyr og vokstrar. Her er nokre døme: 1) Vår attmed bekk og f erskvassdam : soleihov, frosk. 2) Sumar attmed ein f erskvassdam : nykkeblom, bukkeblad, insekt. 3) Haust på åkeren: korn, poteter, ugras, mus. 4) I skogen: dei ymse slag tre, ikorn. Om våren: flyttfugl og fuglesong, maurtuver. Om vinteren: far i snøen, fuglar. I dei lågare klassene kan ein med å sjå på livet på slike stader berre ta med noko av det emnet ein vil handsama. På dei høgare klassestega kan ein så ta med andre ting om korleis vokstrar og dyr er bygde og om livet deira, slikt som var for vanskeleg på dei lågare stega, og som gjev elevane eit meir heilt bilete av livet. Ved utferder på dei ymse årstider lærer elevane korleis livet skifter med årstida på dei ymse stadene, og dei lærer litt .om korleis livet er bundi av og avmåta etter ljos, varme, væte, jordbotn, osb. I 5. skuleåret kan ein t. d. gjera ei ferd ut i lauvskogen tidleg på våren. Ein kan sjå på dei tidlegaste vårblomane, samla nokre stykke og handsama dei nøgnare på skulen. Ein kan 6g sjå på fuglar og insekt.
Skann 112 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 110». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/112/