SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 109 skann 111

109 3. 2 heile dagar i kvart skuleår skal elevane i 4. — 7. skuleåret ha utferder til å studera plante- og dyrelivet og til å samla inn emne til å arbeida vidare med på skulen. Stoffet frå desse utferdene samlar ein i serskilde arbeidsbøker som er sams for heile klassa eller for einskilde elevgrupper. Forutan desse arbeidsbøkene skal kvar elev ha ei bok der han fører inn arbeidsoppgåver av ymse slag. 4. Elevane skal få øving i å bruka handbøker og andre hjelperåder, så dei med eiga hjelp kan få seg opplysningar og kunnskapar i biologi. Det som høyrer til minstekrava, er sett med kursiv i arbeidsplanen — anten berre nummera på øvingane og stoffdeian 1 o. in., eller og namnet. Elles fastsett ein minstekrava nøgnare i dei bøkene som vert godkjende til bruk i skulen. 111. Rettleiing. 1. Å velja stoff. Av det veldige stoffet som høyrer til biologien, må ein gjera eit lite, høveleg utval, og då er det fleire omsyn å ta: 1) Det er naturleg å ta til med biologien på heimstaden, for den kjenner borna noko frå før, såleis og frå heimstadlæra. Ein vél typiske vokstrar og dyr, og sameleis nokre få av dei viktigaste berg- og jordslag som finst på heimstaden. Av di tilhøva er så ulike på dei ymse stadene, så vert stoffet frå heimstaden ikkje det same for alle skular. 2) Ein må ta med emne sam. er viktige for næringsgreinene i landet (jordbruk, skogbruk, fiske, industri osb.). Her og er det naturleg at ein legg mest vekt på det som er sermerkt for staden eller landsluten. Ein imå dg ta med noko om dei viktigaste utanlandske vokstrane som t. d. bomull, ris, mais, ymse fruktslag osb. som vert bruka hjå oss. 3) Ein vel dg anna stoff som har serleg mykje å seia i det praktiske livet, t. d. nyttige og skadelege insekt, snultrarar og striden mot dei, viktige helsereglar, hjelp ved ulykker osb. 4 ) Like eins tek ein med stoff som er serleg verdfullt for oppsedinga : plante- og dyrevern, naturfreding, å stella plantar og dyr o. 1. 1 l). e. det stoff som ein skal gå igjennom.
Skann 111 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 109». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/111/