SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 108 skann 110

VIL Naturfag. Biologi (Botanikk, zoologi og helselære) I. Mål. 1. Å gjeva elevane noko kjennskap til korleis dei viktigaste plantane og dyra våre er bygde, lever og veks 1 , og korleis dei er bundne til å retta seg etter tilhøva omkring dei, — dessutan å skaffa elevane litt kjennskap til nokre av dei viktigaste utanlandske plantar og dyr. 2. Å vekkja ans for og kjærleik til det vokster- og dyrelivet som borna har omkring seg, så dei ikkje gjer tarvlaus skade på vokstrar og dyr, men lærer å verna om dei (dyrevern, naturfreding). 3. Å gjeva elevane noko kjennskap til mannekroppen, grunndraga i økslin/gslæra og dei viktigaste helsereglane, såleis at dei veit å verna om helsa sd. 11. Minstekrav. 1. Elevane skal kunna gjeva ei einfelt skildring (jamnast munnleg) av plantar, dyr og andre naturting medan dei åtgår dei, og Like eins skal dei få noko øving i å gjera einfelte skjematiske teikningar som hjelper til å gjera skildringa tydeleg. 2. Elevane skal ved slutten av 7. skuleåret ha ei samling på minst 20 plantar som dei sjølve har samla og pressa. For kvar plante skal dei ha skrivi opp namn (eventuell nytte og skade), veksestad (her tek ein med slikt som har noko å seia for livet til planten: Korleis sjølve grunnen er (tørr sandgrunn, myr, leirjord osb.), ljostilhøve (skogland — barskog, lauvskog eller open mark osb.). Litt om øksling, yngelrøkt, arv og nedarving />gr.
Skann 110 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 108». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/110/