SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 107 skann 109

107 Repetisjon og noko nærare utgreiing om jorda si form og rørsle, dag og natt, årstider, ekvator, vendesirklar, polarsirklar og meridianar, breidd, lengd, soner — gradnett. Meir øving i å bruka (å skjøna) kart. Ein gjennomgår målstokken grundigare. Avstandsmåling på kart i ulik målstokk. Dei framande heimsbolkane. Ein tek mest med om Nord-Amerika, serleg Sambandsstatane, og Asia — serleg India, China og Japan. Handel og handelsvegar. Under Afrika og Australia tek ein med slike geografiske ovringar som årstidene i varme land (regntid og tørketid), regnsame og regnfattige strdk, Øydemark og oase, saltsjøar og saltavsetningar osb. Regnside og regnskugge høver det best å ta med når ein går igjennom Sør-Amerika og Australia. Dette tek ein i samband med at ein talar om lufta og luftstrøymingar : passatar, monsunar, hav- og landvind. Så tek ein med litt om:. Havstraumane — Golf straumen og verknaden han har på verlaget i Nordvest-Europa, — polarstraumane, korleis vatnet strøymer under jorda, kjelder, snø- og isbrear. Innlandsisen på Grønland og Sørpolarlandet (Framheim). Istida og merke etter den, morenar, vandreblokkar, skuringsmerke i fast fjell. Lagdelte bergslag — skifer, sandstein, konglomerat. Berg av organisk opphav — kalkstein, krit. Eruptive bergslag (utbrotsfjell) — lava, granitt. Nokre få av dei viktigaste mineral som er grunnlag for bergverksdrift. Noreg. Ein går igjennom landslut etter landslut — natur og næ- ringsliv. Ein legg vekt på å få fram det sermerkte. Samla oversyn over landet. Ein lærer dei viktigaste fjella, elvane, innsjøane, fjordane, øyane, byane og kjende stadene. Svalbard. Fangstfelt. Oversyn over næringsvegane. Repetisjon og samla oversyn over fysisk og matematisk geografi. Ein gjennomgår heilt stutt om månen — flod og fjøre, — sol- og månemørkning, fiksstjerner og planetar. Ein repeterer stutt om hovudlanda i Europa. Til slutt oversyn over det geografiske stoffet, L d. med reiser på kartet. 6. skuleåret. 7. skuleåret
Skann 109 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 107». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/109/