SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 106 skann 108

106 landslutene. For kvar landslut må ein få fram det sermerkte i naturtilhøve og levevilkår. Til slutt eit heller stutt oversyn over heile landet. Ein tek med få detaljar. Best råd er i samband med opplæringa i soge og naturkunnskap. Litt om Svalbard. I store drag : Sverike, Danmark, Island og Færøyane. Finnland. Andre land og heimsbolkar. Den fyrste opplæringa med globus. Borna får lesa eller høyra skildringar frå ymse land og mest mogeleg ulike stader på jorda (den fyrste geografiske leseboka). I samband med dette går ein heilt stutt igjennom klimasoner (ein brukar globus, planiglob og einfelte arbeidskart). Ekvator. Gjennom heile året får borna øving i å lesa dei vanlegaste kartteikna. 5. skuleåret. I dette skuleåret og skuleåra som kjem etter, brukar elevane både arbeidsbok, geografisk lesebok med oppgåver og eit lite atlas. Dessutan brukar ein veggkart, globus, bilete og andre høvelege læremiddel. Med hjelp av globus og planiglob går ein noko grundigare igjennom forma på jorda, korleis land og hav er bytt utover, namn på heimsbolkar og heimshav. Ein gjennomgår stutt om årstidene. Kartøving Målstokken. Europa. Oversyn over lands-lag og naturleg inndeling i heimsbolken. Dei viktigaste havvikar, øyar, halvøyar og fjell. Fjell-land og lågland. Lågsletter og høgsletter. Dei største vassdraga. Ein går igjennom dei einskilde landa. Mest tek ein med om Norderlanda og storrika i Mellom- og Vest-Europa. På arbeidskarta tek elevane med dei namn som høyrer med til det topografiske minstepensum (minstekrav). I samband med den geografiske skildringa viser ein borna dei naturlege vilkåra for verksemda til folka og den måten dei nyttar dei ut på. Læraren gjennomgår munnleg, lesing i geografik leseverk og ferdaskildringar, lesing i leseboka og einskilde arbeidsoppgåver på skulen og heime. Når ein gjennomgår om Island og Italia, tek ein med litt om vulkanar og jordskjelv. Nederland: delta, Øystersjøen — Midhavet: saltinnhald i havet, Noreg og England — Russland: kystklima — ■ innlandsklima osb.
Skann 108 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 106». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/108/