SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 105 skann 107

105 Skulen bør og ha nokre oppslagsbøker og einfelte statistiske tabellar, t. d. almanakkar o. 1. Andre undervisningsmiddel: Sandkasse og ymse slag modellar. Bilete (plansjar) til å hengja opp på veggen, mindre bilete (i samlene fte — prospektkort, utklipp av aviser og blad el. 1. — som elevane eller læraren og elevane i lag har samla og ordna), ljosbilete (balloptikon; og film. Biletsamlinga må vera skipa såleis at det er lett å firma det ein har bruk for i timen. Skulekringkasting. Ei samling naturting, vareprøver o. 1. som einskilde elevar eller heile klassa i lag skaffar etter kvart til skulen. I lista over materiellet må stå kva for ein elev eller kva klasse det er som har skaffa tinga. I 4. skuleåret bør elevane få ei fyrste geografisk lesebok (sjå 111, 2). Kan ikkje kvar elev få ei bok, så bør det i alle fall vera så mange eksemplar av boka i skulen at elevane kan få låna eit eksemplar når det er bruk for det i timen. I 5. skuleåret skal elevane få ei geografisk lesebok med nokre oppgåver 1 i og eit lite skuleatlas. Båe desse bøkene brukar ein i dei tre øvste skuleåra. Alle bøkene skal ha innhaldsliste. IV. Arbeidsplan for skuleåra. Det stoff som er ført opp for dei einskilde skuleåra, kan ein gå igjennom i den orden ein meiner det er mest formålstenleg. Førebuande opplæring under heimstadlære. Borna lærer noko .om kva eit kart er, og dei får den fyrste planhøvelege opplæring om heimstaden. Dei lærer å leggja merke til veret i dei ymse årstidene og skriv opp einfelte vérobservasjonar på serskilt skjema i arbeidsboka si og (eller) på ein stor kartong som elevane i klassa har i lag. 4. skuleåret. Omfram den fyrste geografiske leseboka og arbeidsbok brukar ein kart, globus, bilete av ymse slag og andre høvelege læremiddel. Noreg. Med opptak i heimstaden går ein igjennom Noreg i store drag: Dei næraste bygdene og byane og sidan dei einskilde 1 Elles vel læraren og elevane i lag- oppgåver alt etter som det høver best (sjå framanfor). 1. — 3. skuleåret.
Skann 107 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 105». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/107/