SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 104 skann 106

104 5 C) delen av geografien må ein akta seg, så ein ikkje tek med stoff som borna vantar føresetnader for å greia. Geografien og andre fag. Føremålet med geografiopplæringa er mel. a. at ho og skal viera til nytte for heile opplæringa i skulen. Geografiopplæringa skal såleis hjelpa til å syna kor ulike livsvilkåra er på dei ymse stadene på jorda, korleis dette har sett og set sitt merke på samfunnslivet, tilhøvet mellom dei ymse landa og folka (samferdsle, handel, tevling, konfliktar, kulturelt samarbeid osb.). Geografien kan såleis hjelpa til å klårleggja historiske hendingar og serleg hendingar i vår tid. Litt kjennskap til verlag, bergarter, versmuldring og ymse slag jord o. m. hjelper til å forklåra at vokster- og dyrelivet er så ulikt i dei ymse jordstroka, og fører over til det store området som heiter naturfag. Læraren kan såleis driva periodelesing og samla opplæring i geografi, soge og naturkunnskap i den mon det best høver. Har ikkje geografilæraren dei to andre faga, må han nytta dei ut der det er naturleg samband med det emnet han arbeider med i geografi. Like eins bør ein setja geografiopplæringa i samband med opplæringa i norsk, t. d. med lesing, stiloppgåver og på annan måte som kan utdjupa og innprenta geografisk kunnskap og skjøn, samstundes som det gjev øving i å bruka morsmålet. Å nytta ut aktuelt stoff. Knapt noko fag kan meir enn geografien nytta ut dagsaktuelt stoff til å styrkja det hugmålslivet faget mel. a. har til oppgåve å vekkja og næra. Hendingar som brått kan få heimane til å gjeva ans på endåtil langt unnaliggjande stader, kan høva framifrå for geografilæraren til opptak for geografisk opplysning og arbeid elles med faget. På denne måten kan ein kveikja elevane opp til å spørja om ting som har vekt interessa deira. Det trengst ikkje alltid vera ålmenninteressa som kallar spørsmålet fram. Hjå eit sjøfarande folk som det norske vil det svært ofte vera interesselivet i den einskilde heimen som elevane er tolk for, og som ein like fullt kan gjera til viljes, til gagn for heile klassa. Læremiddel. I skulestova som ein brukar, bør det vera gode kart, stor globus — helst og tellurium — klassesett med geografisk lesnad (bøker, hefte o. m.), skipa såleis at elevane lett og snøgt kan firma det dei har bruk for. Kan ein ikkje få klassesett, er det og god hjelp i einskildeksemplar som borna kan nytta skiftevis.
Skann 106 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 104». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/106/