SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 103 skann 105

103 4 Denne kartteikninga kan ein driva på ymse vis: 1 ) Etter kvart som arbeidet med eit landomkverve går fram, teiknar borna inn i kartomrisset sjøar, elvar, byar, jarnvegar osb. nett etter at dei har granska kartet nøye. 2) lnnteiknång i eit kartomriss kan ein og bruka til kontroll (prøve) når ein er ferdig cm ed eit landområde. Elevane må alltid kontrollera og retta teikninga ved å samanlikna ho med kartet med same dei er ferdige med arbeidet. 3) Å laga ei svært einfelt kartskisse av eit område elevane ser — helst frå ein stad som ligg høgt — medan dei teiknar, eller av eit område dei kjenner godt - — t. d. tunet ikring skulen, grenda som skulen ligg i osb. Kartteikning gjev ein på jamnen ikkje til heimearbeid. Teiknar elevane heime, kan det lett verta berre avteikning, som er lite gagn i. Ein må heller ikkje bruka så mykje tid til kartteikning på skulen at det vert for lita tid til anna viktig arbeid i faget. I arbeidsboka bør ein setja inn nokre kartomriss. Kartomrissa kan ein skaffa seg med å bruka stensil eller anna mangfalding. Når borna fyller ut kartomrissa, bør dei berre ta med dei kartteikn og namn som dei serleg skal festa seg ved, og ein må ikkje leggja så stor vekt på fin fargelegging og på å pensla kartet nøye ut, at det krev urimeleg tid og går ut over det som er hovudsaka med kartteikninga. Då og då gjer ein reiser på kartet: 1) Læraren er reiseførar og fortel om det ein kan sjå og oppleva på ferda. 2) Borna får til arbeidsoppgåve å vera førar på ei reis og fortel ja om det dei har lært. Elevane må få litt greie på ymse måtar å ferdast på, reisetider og ferdakostnad. Elevane bør få noko øving i å firma ein stad på kartet når dei får vita lengd og breidd, og dei må få rettleiing i å bruka eit kart (i stor målstokk) i terrenget» I arbeidet med fysisk og matematisk geografi må elevane etter kvart læra å skjøna samanhengen mellom dei geografiske fenomen og dei ulike livsvilkåra. Desse livsvilkåra har elevane før fått ein tokke av gjennom forteljingar og skildringar frå ymse stader på jorda. Fysisk geografi bør ein mest råd er ta med når ein gjennomgår land og hav som gjev typiske døme på det borna skal læra eller berre gå igjennom (sjå arbeidsplanen for 5. og 6. skuleåret). Til slutt tek ein eit samla oversyn over heile stoffet som høyrer til planen. Men ikkje minst i denne
Skann 105 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 103». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/105/