SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 102 skann 104

102 3 Både det læraren skildrar, og forteljingane i boka må ta sikte på å eggja borna til å få seg meir kunnskap om emnet. På dei seinare stega og må elevane få lesa og høyra forteljingar og skildringar om land og folk, skildringar som vekkjer fantasien til borna og gjer opplæringa levande og interessant. Til hjelp bør ein ofte syna fram bilete (i balloptikon eller på annan måte) og film, om det er råd. Elevane bør 6g så mykje som mogeleg få sjå råemne, industriprodukt, bergarter og mineral og anna som har med emnet å gjera. I samarbeid med scgelæraren må læraren i geografi ta med historiske minne. Der det er høve til det, bør læraren ta klassa med på museumsvitjing, som ein då må førebu godt. Borna bør laga nokre einfelte grafiske framsyningar, serleg til å ilLustrera næringsvegar, folketal og andre tilhøve, t. d. til jamføring mellom ymse land og landsluter. Når ein er ferdig med ein større bolk, tek ein eit stutt oversyn, t. d. som arbeidsoppgåve eller på annan måte og jamnast i samband med kartet. Kartet. Borna lærer å lesa og bruka kartet. Øving i kartbruk byggjer på det som er lært i heimstad slæra og fylgjer opplæringa på alle steg seinare. I sambard med relieff i sand eller leire av grenda til skulen, byen eller bygda teiknar ein kartriss på veggtavla og i arbeidsbøkene. Samanlikning mellom flygefotografi og kart kan gjera det lettare å skjøna kartbiletet. Borna lærer kartteikna, så dei av kartet kan sjå: Lands-laget — korleis høgdetilhøva skipar vasdraga og stigninga på vegar og jarnvegar o. a. Målstokken lærer elevane etter kvart som dei får føresetnader for å skjøna han, og dei skal mel. a. få øving i å måla avstand på kartet. Elevane må få øving i å teikna einfelte kartskisser og kart. Ein må her sjå vel etter at tida ikkje vert nytta til uturvande og tankelaus avteikning (kopiering) av kart som dei ser etter medan dei arbeider, men at dei på jamnen teiknar kart etter minnet stuttare eller lengre tid etter at dei nøye har sett det dei skal teikna. I atlaset eller i leseboka lil elevane bør det og finnast nokre kart som syner klimatiske tilhøve, voksterliv, folketettleik, tru e. 1.
Skann 104 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 102». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/104/