SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 101 skann 103

101 I dei fyrste skuleåra gjev jamnast læraren oppgåvene. Det kan vera oppgåver frå leseboka eller oppgåver som naturleg melder seg medan ein arbeider med emnet. Læraren viser då til bøker og andre hjelperåder. I dei &iste skuleåra bør elevane sjølve få velja arbeidsoppgåver og. Ein driv ikkje med vanleg lekselæring og leksehøyring. Til heimearbeid kan elevane mel. a. få lesa einskilde stykke i leseboka, til stønad for det ein har gjennomgått på skulen, oppgåver i kartlesing, daglege noteringar om veret på staden (temperatur, vind, nedbør, osb.) eller arbeidsoppgåver i det emnet ein held på med. Til arbeidsboka samlar elevane bilete, avisutklipp og anna tilfang som høyrer til emnet. Dessutan kan dei teikna einskilde ting wm serleg har fanga hugen deira. (Samarbeid med teiknelæraren.) I opplæringa høver det gjerne igodt å ta til med landskapet og andre geografiske tilhøve på heimstaden fyrst, med di ein utvidar og utdjupar dei kunnskapane som barnet alt har fått i heimstadslæra. Barnet får etter kvart noko kjennskap til dei næraste landskap ikring heimstaden, til landsluten, til heile fedrelandet, grannelanda og jordflata. Born syner ofte større hug til å få vita om fjernare stader på jorda enn om heimstaden og det næraste. Opplæringa kan difor og ta til med globusen og gjeva eit stutt oversyn over heimsbolkane og heimshava. Ut ifrå kjennskapen til den fysiske natur (lands-laget) i landa prøver ein å lå elevane til å skjøna dei naturlege livsvilkåra for menneska og dei ymse tilhøva mellom landa (samferdsel, handel, mellomfolkeleg samarbeid, konfliktar osb.). Ein får her i geografiopplæringa rikeleg høve til å understreka at menneska i dei ymse landa og på ymis vis stør kvarandre gjennom det varebytet som vert med handelen. Det å vera stengd frå verda omkring som i tidlegare tider vert det meir og meir slutt med. Ikkje noko kulturland kan greia seg lenger heilt avstengt. Alle er med og nyt godt av det imenneskesamf unnet som berre kan veksa fram av arbeid i fred. Med levande skildringar av land, naturtilhøve og folkeliv bør læraren alt tidleg freista gjeva borna så klårt og rett geografisk skjøn som råd er. I 4. skuleåret får elevane ei lita geografisk lesebok (den fyrste geografiske leseboka) med einfelte, levande forteljingar og skildringar frå ymse stader på jorda, så dei kan få ei meining om dei ymse lsnds-lag og verlag o. m. og dei ulike livsvilkåra for vokstrar, dyr og menneske.
Skann 103 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 101». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/103/