SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 100 skann 102

100 Fleire republikkar, dei største er Brasil (kaffi), Argentina (kveite og mais, kjøt, ull og huder), Chile (salpeter). Rio de Janeiro (hovudstad i Brasil), Buenos Aires (største byen i Sør- Amerika). I Andes-repubHkkane bur flest menneske oppe i fjella. Fleire stader gamle kulturfolk. Oljekjelder, mange folkeslag. Mål: mel. a. spansk, portugisisk. 111. Rettleiing. 1. Å avgrensa lære-emnet — helst namn og tal. Det er mykje om å gjera å setja elevane i stand til ved hjelp av kart, handbøker og annan litteratur) å skaffa seg sjølve dei geografiske opplysningar og kunnskapar som interesserer dei, eller som dei får bruk for. Derimot har det mindre å seia å prenta inn ei større mengd med geografiske detaljkunnskapar (namn, tal osb.) som er vanskelege å læra for dei fleste elevar, som dei lett gløymer, og som dei får lite eller ikkje noko bruk for seinare. Slikt stoff gjer lett sitt til at faget vert tungt og keisamt for elevane. Difor må ein avgrensa lærestoff av dette slaget, serleg namn og tal, til det aller naudsynlegaste, og ein må velja stoffet omhugsamt, såleis at det viktigaste vert teki med. 1 Ei anna sak er det at elevane i arbeidet med faget både ved å lesa geografisk stoff og ved å utarbeida arbeidsoppgåver o. a. må bruka mange namn og tal som dei ikkje skal læra. Alle tal (høgdetal, avstand, flatemål, folkemengd osb.) rundar ein av som det best høver, og samanliknar dei med storleikar som borna kjenner godt frå før. Dette gjeld serleg dei etter måten fåe tal som elevane skal læra. 2. Arbeidsmåten i det heile. Faget gjev godt høve til å setja arbeidsskuletanken i verk, og ein må skipa arbeidet såleis at det best råd er vert høve til sjølvverksemd for elevane. Frå fyrstninga av 5. skuleåret får elevane ei lesebok med nokre høvelege oppgåver, og då serleg slike oppgåver som svarar til minstekrava. Noko av det topografiske stoffet som gjeld minstekrava, bør elevane føra inn på kartriss. 1 Ved nokre etterrøknader (U. P.) synte det seg at elevane hugsa om lag 50 pst. av dei geografiske namna og om lag 20 pst. ar dei geografiske tala dei vart spurde om.
Skann 102 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 100». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/102/