SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 93 skann 97

93 Læraren legg ved ei liste over elevane i avgangsklassen og deira standpunktkarakterar i norsk og rekning. b. Snarast råd er og seinast 5 dagar etter sensuren er ferdig, skal kvar einskild skule få tilsendt utskrift or karakterprotokollen åt nemndi for elevane i vedkomande skule. 3 a. Til den munnlege prøva tek ein ein skuledag. Krinsformannen, tilsyn og um det er råd minst eitt medlem av eksamensnemndi skal vera til stades. Ein legg då fram dei skriftlege arbeid i norsk og rekning og arbeid i teikning og handarbeid for siste skuleåret. b. Alle borni skal prøvast i norsk (lesing, landsmål og vanleg bokmål, analyse) og i hovudrekning, I kristendomskunnskap, naturkunnskap, soge og geografi prøver læraren ikkje den einskilde, men han tek litt tid til eitt eller fleire av desse fagi til klasseprøve. c. Etter samråd med den medlemen av eksamensnemndi som er til stades, gjev læraren karakterar i norsk, rekning, skriving, teikning og handarbeid. I dei andre fagi gjev læraren karakterar åleine. 4 Elevar som hev fått «ikkje godtakande» i noko fag (song undanteke, sameleis gymnastikk, handarbeid, teikning og skriving, dersom karakteren skriv seg frå kroppsfeil), hev ikkje greidt prøva. 6. Når skuleåret sluttar. Undervisningi i skuleåret endar med ei festleg samkome, som alle elevane på skulen er med i. Læraren (lærarane) talar til borni, og dei elevane som vert utskrivne or skulen, fær avgangsvitnemåli sine. Dessutan gjer ein det festleg med at borni syng og les upp dikt eller forteljingar, som flinke elevar hev fått øva seg på. Ein steller ut arbeidi elevane hev gjort i året i teikning og handarbeid for alle klassar, og legg fram dei skriftlege arbeid. Der det finst gymnastikksal, kann ein ogso syna fram gymnastikkøvingar.
Skann 97 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 93». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/97/