SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 92 skann 96

92 4. Eksamensnemnd. 1. a. I kommunar der avgangsprøve er innførd, skal det vera ei eksamensnemnd med 3 til 5 medlemer. Den representanten lærarane og i tilfelle lærarinnene hev i skulestyret er sjølvskrivne medlemer av nemndi. Dei andre medlemene vel skulestyret. b. Er det tilsett skuleinspektør i skulekommunen, møter han som fast medlem av eksamensnemndi jamsides dei som er valde. Nemndi vel sjølv formann og varaformann for 1 år um gongen. 2. Nemndi skal: a. Gjeva uppgåvor til dei skriftlege prøvone; framlegg til desse uppgåvone fær nemndi av lærarane i avgangsklassen. b. Koma med framlegg til skulestyret um tidi for desse prøvone eller — um skulestyret so vil — fastset ja tidi for prøvone. c. Gjenomgå og gjeva karakterar for dei innkomne svari. d. Vera til stades ved dei munnlege prøvone, so langt medlemene hev høve til det. 5. Avgangsprøve. 1. Skriftlege uppgåvor: a. Ein lett, forteljande stil um ting eller tilhøve som ein er stød på at alle borni kjenner vel til. b. 5 —6 rekneuppgåvor, som er avmåta slik at ein fær greide på um borni er vel inne i reknepensumet for skulen. Dei 3—5 fyrste av uppgåvone skal vera so lette at jamt flinke born kann rekna deim noko- lunde snøgt og stødt. Nemndi sender dei skriftlege uppgåvone i forsigla konvolutt til krinsformannen, som gjev konvolutten til læraren når prøva skal taka til. Kvart barn lyt få sitt serskilde eksemplar av upp- gåva. Ein må syta for at borni ikkje på nokor vis fær hjelp under prøvone. Til prøva i stil brukar ein ein skuledag, til rekneuppgåvone fær borni 4 eller 5 timar etter som nemndi fastset. 2. a. Når prøva er slutt, vert svari samla, lagt i konvolutt og forsigla; krinsformannen sender dei so til nemndi.
Skann 96 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 92». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/96/