SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 94 skann 98

94 Medlemer av tilsynsutvalet, eksamensnemnd! og skulestyret bør vera til stades. Ein bed inn foreldri. 7. Ålmenne fyresegner. 1. Eksamensnemndi gjev årleg melding til skulestyret um prøvone for året, seinast 4 vikor etter at prøvone er enda. Nemndi skal segja si meining um prøvone i det .heile, og um det er noko sers å merka ved nokon av skulane. Denne meldingi skal gjerast kjend for lærarane og foreldri på den måten skulestyret finn tenlegast. 8. Skulerutor. 1. Fyrr skuleåret byrjar, skal lærar og tilsyn arbeida ut framlegg til skulerute for kvar sin krins. Framlegget må til skulestyret til godkjenning. Ruta fastset tidi for skulingi i kvar einskild krins. 2. Skulestyret kann fastsetja at ei vedteki skulerute skal gjelda for fleire år, d. v. s. til det gjer brigde i ruta. 3. Mindre avvik i skuleruta kann ein gjera etter samråd med krinsformannen; gjeld det større avvik, t. d. lengre stans av skulen, lyt ein leggja saki fram for skulestyreformannen. Er avviket so stort at han finn det påkravt, legg han saki fram for skulestyret. 9. Undervisningstidi o. a. 1. Skulen tek til og endar kvar dag med bøn og salmesong eRer eitt av dei. 2. Kvar undervisningstime er på 45 minuttar. Millom 3. og 4. timen skal det vera ei fristund på 15 minuttar, millom dei andre timane 10 minuttar. 3. Den fastsette undervisningstidi må ein halda nøgje — alle timar skal stødt byrja og enda på slaget. 10. Skuleforsømingar. 1, Elevar i folkeskulen må ikkje vera burte, minder dei er hindra av sjukdom, eller anna forfall som vert godteke, eller hev fått løyve frå skulen (skulelovi § 14).
Skann 98 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 94». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/98/