SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 91 skann 95

91 Merknad: Vil skulestyret nytta denne fyresegni, lyt det gjera greidt vedtak um det. Dette vedtaket, som må gjelda for alle sovorne folkeskuleelevar, bør takast inn i skuleplanen. Er det ikkje gjort slikt vedtak, kann ein elev gå frå skulen den dagen han fyller 15 år, jamvel um han ikkje hev nått målet for skulen. c. Skulestyret hev ikkje rett til å lata noko barn verta utskrive or folkeskulen i strid med reglane a—b, 3. Alle born som vert utskrivne or folkeskulen, fær av- gagnsvitnemål etter sovore mønster: (namnet på barnet) fødd uppteken(-i) i skulen , hev nått målet for skulen og fått desse karakterane: Kristen domskunnskap. Norsk munnleg. » skriftleg. Rekning munnleg. » skriftleg. Naturkunnskap. Soge. Geografi. Skriving. Teikning. Song. Handarbeid. Gymnastikk. Husstell. Orden Åtferd (namnet på kommunen) (styrar, lærar). Merknad 1. Karakterane er: Sers godt (Sg.), Mykje godt (Mg.), Godt (G.), Godtakande (Gt.) og Ikkje godtakande (Igt.). 2. For elevar som vert utskrivne utan at dei hev nått målet for skulen, brigdar ein ordelaget «hev nått målet for skulen og fått desse karakterane» til «hev slutta skulegonga si og hev fått desse karakterane.» folkeskule, i den 19
Skann 95 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 91». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/95/