SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 86 skann 90

86 2. Å gjeva nokor øving i uvandt matstell, vask, reingjering og andre ihusarbeid og soleis fremja sansen for sparsemd, reinsemd og orden i 'husstellet. Matvarelæra styd seg til røynslor frå dagleglivet og einfelde røyne. Til upplæringstilfang nyttar ein matvaror, plantar, teikning på veggtavla, plansjar og grafiske tabellar. Når ein går igjenom dei einskilde næringsemne tek ein med: Kvar kjem matvarone våre frå? — Bygnad og einskilde delar. — Let, form, lukt, smak. — Kva emne dei inneheld og kor mykje. —» Næringsverd i samsvar med prisen (jamføring). — Er dei lett- eller tungmeltande? — Gode, låke, skadelege og forfalska varor. — Forvaring og bruk. So langt råd er, bør kvar elev gjera det praktiske arbeidet som høyrer til pensumet for dagen. Undervisningi knyter seg til naturfagundervisningi og skulehagearbeidet. Kvar dag reknar elevane ut kva maten kostar og fører inn i små rekneskapsbøker. Dei fær elevane til sjølveige liksom kokebøkene. HEIL KLASSE. Matvarelære og framsyningar. 1-2. Innleiding. Personleg reinsemd. Hovudreglar for reinsemd og godt stell. 3. Næringsemni i mjølk. Reglar for koking. 4. Mjølk — kor mykje av kvart næringsemne, kor lett meltande, kva pris. Reglar for å laga til jamning, røre. 5. Mjølk — f årar ved mjølk, fusk. Mjølkevaror. Panne- kake utan egg. 6. Fersk frukt: handsaming, emneinnhald. Vanleg saft. sukker. 7. Frukt — turka frukt, feit frukt. Hermetisk sylting, plomor. 8. Potetor — emneinnhald, handsaming, koking. 9. Røter og grønsaker — næringsverd, bruk. 10. Skolmfrukter. Emneinnhald. Baune- eller linsekakor. 11. Skolmfrukter, handsaming. 12. Korn, gryn, mjøl. Flatbrød. 13. Korn — bakstepulver.
Skann 90 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 86». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/90/