SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 85 skann 89

85 HA U ST SKEID. I 6. skuleåret tek ein emni soleis: 1. Innleiding. 2. Vatn. 3—5, Mjølk. 6 —7. Frukt. 8 —9. Grønsaker, sopp, røter. 10. Potetor. 11. Skolmfrukter. 12— 13. Korn. 14—15. Kjøt og innmat. 16—17. Fisk. 7. skuleåret: 1. Skiping i arbeidsgruppor. 2. Fruktgraut eller supe, rabarbra på flaskor, reinsa og knusa bær til saft. Til 3, 4 og 5 tek ein sglting jamsides ein uvand rett mat: Grønsaklaupskaus, grønsaksupe o. a. På haustskeid gjenomgår ein etter mjølk alle plantenæringsemne, dinæst alle dyrenæringsemne og njotingsemne. I bygder der folkeskulen er 7-delt, er det vanleg at 6. klassen går annankvar dag i 3 vikor og 7. klasse annankvar dag i same tidi. I tvo år fær då kvar elev 6 vikor undervisning. Difor er planen delt i 2 gonger 18 lærestvkke. I flyttekjøken i 4-delte skular fær gjentone frå dei tvo øvste årsklassane 5 —6 vikor samanhangande undervisning på 1 år. Fyrst går ein igjenom dei 18 lærestykki for 6. skuleåret, dinæst so mange av lærestykki for 7. skuleåret som det er tid til. Ein byter um dei rettene som ikkje høver på staden. (I sjøbygder lyt ein taka med blåskjel, alkor og meir fisk). Næringsverdet i maten greider ein ut um, prisen reknar ein ut på veggtavla kvar dag, og elevane fører dette inn i ei liti rekneskapsbok heime. II. FASTE SKULEKJØKEN. Plan for eittårig undervisning (eller 5 —6 vikor etterskeid um hausten). Husstell. Fyremålet med undervisningi er: 1. Å auka sansen for ein høveleg levemåte og eit vitugt kostval.
Skann 89 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 85». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/89/