SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 79 skann 83

5 i skåprom, hyllor eller på verktybrettet på benken. Med han arbeider, skal eleven ikkje ha anna verkty på benken enn det han nett hev bruk for, eller som hev sin faste plass der. Vyrkerestar lyt ein gøyma på ein serskild stad og nytta ved fyrste høve, dersom dei er til noko. Ferdige og halvferdige ting må alltid ha visse plassar. Like eins huvor, trøyor, bøker o. dl., i fall ein tek dei med inn i sløydromet. Sløydrom o. a. Undervisning! i sløyd vert anten gjevi i samanhangande skeid, eller ogso i ein eller helst tvo timar um gongen i undervisning! elles. Den siste skipnaden er pedagogisk set den beste; men då må sløyden ha eige rom. Dette bør ha 9 m 3 luft for kvar elev. Høgdi bør vera ikr. 3 m., golvflata 3 m. 2 pr. benk. Attåt kjem plass for skåp, slipestein, lærar-bord, hoggstabbe o. s. b. Ljosflata bør ikkje vera mindre enn % av golvflata. Ljos framanfrå og frå høgre sida. Eit serskilt rom — helst jamsides sløydromet — til å gøyma vyrke i (4 —5 m. X 3 m.) og med plass til skåp for ting som er ferdige eller under arbeid. Legg ein sløydromet i kjellaren, lyt det vera turr grunn, og golvet bør helst ikkje liggja lågare enn grunnen utanfyre. Romet lyt kor som er vera godt ventilera. 79
Skann 83 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 79». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/83/