SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 78 skann 82

3 4 det faget hev i uppsedingi i praktisk leid. Sløydmodelisamlingi er her eit framifrå upplæringstilfang. Til sløyden høyrer ein god slipestein, helst Gotlandsstein. Han må hava sinkkasse, må stå stødt, ikkje kasta seg og ikkje vera for liten (helst 24-—30 tumar i tvermål). Når det kjem til stykket er dette det avgjerande for sløydundervisningi i skulen: Korleis verktyet vert stelt og handsama, den orden og disiplin som råder i sløydromet, den måte læraren legg faget til rettes og skipar og driv undervisningi på. Det er soleis læraren det til sist spørst um. Med han står og fell faget i skulen. Verktyet. Høvelbenken må stendig vera vel uppretta, stød og fest til golvet, helst med vinkeljarn eller skruvar. Ljos framanfrå og frå sida. Arbeidsplass 70 —80 sm. bak benken og 40—50 til sida. Etter upprettingi set ein benkjeplata godt inn med rå linolje. — Ingenting må vanta i reidnaden. Sagene lyt vera vikte og vel kveste, og snori må jamt leggjast um. Når sagi vert hengt på plass, skal ein slakka snori. Stram ikkje sagi for hardt. Høvlane må alltid vera i orden. Når det trengst, lyt ein retta upp, spunsa og sola deim. Stokken, kilane og handtaki lyt ein halda i godt stand. Slå ikkje kilen for hardt ned i høvelen. Høveltennene lyt alltid vera godt kveste, og klaffane vel åtmåta. Ein hindrar at tenner og sagblad rustar med å smyrja deim jamleg, t. d. med vaselin. — Alle andre eggjarn lyt ogso alltid vera i orden og godt kveste. Sentrumsborane må vera vel uppsette, so dei tri kantane på odden er kvasse. Orden. Både av helseumsyn og for uppsedingi må det råda gjenomførd reinsemd og orden i sløydromet. Uorden i eit sløydrom verkar reint ut demoraliserande. Elevane lyt halda seg på plass, og dei må ikkje røda medan dei arbeider. Kvar einskild ambod skal ha sin faste plass, anten 78
Skann 82 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 78». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/82/