SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 80 skann 84

HANDARBEID FOR GJENTOR. Målet er å vekkja arbeidshugen hjå elevane og fremja deira venleiks- og formsans og å gjeva deim praktisk arbeidsøving, so dei mest mogleg kann verta, sjølvhjelpte med å laga klædi sine og halda deim i stand. Elevane lyt heilt frå fyrst av venjast til reinsemd, orden og grannsemd. Lærarinna lyt ansa etter at dei handsamar verkty, vyrke og arbeid vakkert, nmhugsamt og økonomisk. Undervisningi vert mest råd er gjevi som klasseundervisning. Dei snøggaste fær mlllom arbeid med øvingar som er kjende frå fyrr. Legg vinn på god kroppsføring og arbeid sstelling. Til å gjera undervisningi tydeleg, syner lærarinna fram modellar, teiknar på veggtavla, viser fyre på syråma, bretter på papir, bind med grove bundingstikkor o. s. b. I fyrstningi saumar ein alt med handi. So snart borni er uppøvde i dei vanlege saumingsmåtane, bør dei læra å handsama og nytta maskine, so dei ikkje skal spilla tidi med lange handsaumar som ein kann gjera snøggare og lettare med maskina. Symaskiner må det vera ved alle skular. Borni må læra å klyppa dei ymse klædestykki sjølve, — det er mykje um å gjera at dei lærer taka mål og gjera rit av uvande plagg. — Hev ein ikkje tid til å rita, klypper borni etter mønster, alt medan lærarinna greider ut og rettleider. Ho legg vinn på å læra borni å nytta ut vyrki på beste vis. Elevar som hev vilkår for å arbeida sjølvstendig, kann få heimearbeid. Det er tilrådeleg å nytta ei godkjend handbok til hjelp for lærarinne og elevar. Ein bør undervisa i binding, saum, stopping, bøting, namning, mønsterteikning og klypping.
Skann 84 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 80». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/84/