SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 77 skann 81

77 fram; samstundes greider ein ut um dei nye øvingane og lærer dei. Døme: Når ein skal taka i bruk høvel eller sag, greider ein fyrste gong ut berre um handgrep, føring og arbeidsstelling, so det ikkje skal verta for mykje um gongen. Seinare greider ein ut um resten, medan ein pustar på i arbeidet; då nemner ein namni på dei ymse delane og let borni læra dei. Serleg av umsyn til desse instruksjonane må læraren mest mogleg halda elevane samla på same steg, helst med same arbeidet, — um han då ikkje er nøydd til å ha fleire parti. Seinare samlar han dei berre når han vil øva inn ein ny arbeidsmåte eller bruket av nytt verkty. Han må strengt akta på at elevane ikkje brukar gale verkty, range framgangsmåtar eller hev bakvende arbeidsstellingar, i strid med det som fyrr er gjenomgått. Undervisningi lyt vera konsis, og læraren må ikkje taka med for mykje um gongen (og som regel ikkje nytta over 10 minuttar). Elevane lyt likevel få nøgi greide både um «kvifor» og «korleis.» Legg serleg vekt på å øva inn bruket av bitjarn, serskilt sag og høvel. Gjev ein seg ikkje god tid t. d. med høvlingi og legg eit godt grunnlag her, so vil det allstødt vera ein meinke i arbeidet vidare. — Gjev vidare gaum på dette; Kvart verkty til sitt bruk (ikkje fil der høvel skal brukast, ikkje sandpapir fyrr fili er nok brukt, — um ein i det heile skal bruka fili på den tingen det gjeld). Slurv må ein ikkje tola; men elavane må og taka seg i vare for utidig pusling. Det lyt vera plan og fart i arbeidet. Bruket av sandpapir lyt læraren sjå vel etter. Han må skifta ut det kvar elev skal bruka. Elles skal ein bruka sandpapir svært Ijte, — som regel berre etter fil, og sjølvsagt med instruksjon fyreåt. Pusshøvlen brukar dei berre til endeleg pussing (og so til slutt på runde ting, som krumkakerull, balltre o. s. b.). Elles skal han stå på plassen sin, ikkje på benken. Skal elevane læra å arbeida sjølvstendig og med umtanke, og soleis i det heile ha vinning av faget, lyt dei læra å arbeida etter teikningar. Dei set ein i stativ ved høvelbenken. Sløyden bør ein setja i samband med arbeidsteikning. På den måten fær ein best nytta ut det verdet
Skann 81 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 77». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/81/