SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 76 skann 80

2 det vandare, frå det einfelde til det samansette, og elevane bør få laga ting dei hev bruk for og gagn av. Frå fyrste stund lyt læraren vaka over at elevane gjer arbeidet med umhug, og at dei er varsame med verktyet. Ansvarskjensla hjå elevane må ein vekkja og styrkja. Undervisningi bøn helst vera klasseundervisning. Ho skal serleg gå ut på: a. arbeidsstellingar. b. verktyet og korleis ein skal handsama det c. arbeidsmåtar. Umframt samundervisning! fær dei einskilde elevane som treng det, dei råd og rettleidingar dei treng. I det heile lyt læraren fylgja elevane nøgje i arbeidet. Det hev stort verd at elevane fær god kjennskap til verktyet, korleis det er ihopsett, korleis ein skal bruka det og handsama det i det heile. Dette fører til at dei nyttar det med ans og varsemd, og at dei lettare kann setja det i stand når det trengst. Vidare bør elevane få nokor øving i å kvessa eggjarn, serleg i siste skuleåret. Dei bør læra å slipa og bryna kniv, hoggjarn og høveltonn. Fyrr dei går ut or skulen, skal alle elevane kunna stilla høvelen sin — til dette nyttar ein klubbe, ikkje hamar. Fyrste og andre året (4. og 5. skuleåret) bør elevane ikkje ha lov til å banka på høvelen. Læraren lyt sjå etter at elevane står rett og helsesamt medan dei arbeider. Å sitja på høvelbenken bør vera forbode. Vyrki — som elevane må få kjennskap til — lyt det vera streng sparsemd med. Læraren lyt stendig sjå etter både kor mykje eleven i kvart einskilt høve etlar saga av til emne, og um han nyttar dei rette vyrke og storleikar. Ein fast plan for undervisningi lyt ein setja upp fyreåt ogj fylgja. Den modellrekkja ein nyttar til kvar tid, fastset i grunnen gangen i undervisningi. Verkty som klassen ikkje hev brukt fyrr, rettleider ein um og øver inn, etter kvart som arbeidet skrid 76
Skann 80 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 76». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/80/