SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 73 skann 77

73 9. Lyte og rettingar. Læraren bør trottug retta lyte og soleis arbeida på å få formrette stellingar og rørslor. Serleg bør han sjå til at borni ber hovudet høgt og fritt, at ikkje brystet vert klemt, og at andingi går fritt og lett under alle øvingane. 10. Gonge lyt ein leggja vekt på, so borni lærer å gå og føra seg vakkert — god kroppsføring og godt fotlag, høg hovudreising o. a. Gonge må ein ikkje driva i utide eller til overmål. 11. Hopping. For gutar bør hopp taka Ys eller Yi av timen; for gjentor noko mindre. I kvar time bør det vera både frie hopp — ogso djuphopp — og hopp på reidskap. — Ein må leggja serskilt arbeid på tilrennet. Det skal vera full fart og vilje i det; like eins på fråspennet som skal vera kraftig, men lett og på tå, og på nedhoppet som må koma med full jamvekt og herredøme over kroppen. Springbrett bør ein ikkje nytta utan når reidskapen — i lågaste stode — er so høg at ein ikkje på onnor vis kann greida hoppet. Mattor (putor) må ein berre nytta til dei største og vandaste hoppi. 12. Leik tek ein med i kvar time. Overgangen frå gymnastikk til leik og innvendt er ei av dei beste råder til å aga borni. Leikane bør ikkje koma tett etter kvarandre, men til umbyte millom gymnastikk-øvingane. 13. Helsing øving ar høver best å leggja inn i samband med gonge. 14. Øvingar for gjentone. For gjentone må ein serskilt akta på at øvingane ikkje kjem til å røyna for hardt på. Serleg i overgangsalderen lyt ein vera varsam med hopp, laup, hevøvingar, og hardrøynande kroppsøvingar elles. So vidt det er råd, bør gjentone få gymnastikken sin etter serskilt uppsette timesetlar.
Skann 77 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 73». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/77/