SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 72 skann 76

72 5. Hus og reidskapar. Der ein enno ikkje hev brukande idrottshus, fær ein nytta eit vanleg skulerom so lenge. Då bør ein få nokre uvande reidskapar i det — ein bom, nokre ribbefelt og tog vil vera lette å setja upp. — For øvingane ute bør ein ogso setja upp nokre reidskapar, under halvtak, so dei ikkje forferst. 6. Reinhald og lufting. Golvet i gymnastikkromet lyt ein gjera reint etter kvar time, helst turka av det med våt fillekost. Dessutan vanleg reinhald. Endå um ein aktar vel på reinhaldet, bør ein likevel ikkje gå ut i frå at golvet er so reint at læraren kann lata borni få setja eller leggja seg ned — um ein nyttar skuleromet til kroppsøvingar. Kvar elev bør difor få ei liti matte av sekkjestrie, golvteppety, linoleum eller liknande, på lag y 2 meter stort i firkant. Gymnastikkromet må ein lufta ved gjenomdrag fyre kvar time. Held ein øvingane i skulestova, lyt ein lufta henne og vel ut fyrst. 7. Individualisering. Skal kvar einskild elev få størst mogleg vinning av øvingane, lyt læraren individualisere — serleg i større klassar der alle stend på same steget. Han byter klassen i parti etter vokster og dugleik; og so langt råd er, gjev han dei tilmåta øvingar. Serleg gjeld dette hevøvingar og hopp, som lett underførar kann leida. 8. Åthug og etterlgdnad. Det må vera åthug, ro og etterlydnad under øvingane, Det fær ein lettast med å nytta rett kommandoordi: «Klar» (Gjev akt), «Stelling» og «Kvil». Etter dei tvo fyrste skal koma ro og) full uppstrekkjing, med fri og ledig kroppsburd, ingen stivleik, inkje press. Etter «Kvil» kjem det bråe skifte frå arbeidsstode til kvitestode. Krev ikkje ro for lenge. Set ein for store krav, vert borni urolege, slakke og trøytte.
Skann 76 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 72». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/76/