SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 71 skann 75

71 Når ein planlegg øvingane og medan ein driv dei, bør ein halda seg for auga: 1. Øvingar ute. Best vilde det vera inn ein alltid kunde driva øvingane ute i fri luft; men veret meinkar ofte dette. Difor lyt ein vera budd på at ein må driva øvingane inne likso vel som ute. Ute bør det vera mykje leik og frie idrott: øvingane i leikar, med lauping og kapplaup, ymse hopp i høgd, lengd og dypt, stavhopp, hoppa bukk, slå hjul, stupa kråke, balkleikar, kasteøvingar, strids- og bereleikar o. a.; attåt dette ski- og skeiserenning, kjelkeaking, snøballkrig og isymjing. Hev ein sett upp um berre nokre uvande reidskapar ute, vil ein ogso få høve til å øva mange nyttelege og morosame hevøvingar og hopp. 2. Øvingar inne. Inne er plassen liten. Difor må mesteparten av tidi nyttast til reine gymnastikk-øvingar. Kor mykje ein kann øva, kann verta noko ulikt ved dei ymse skulane; det stend på husromet, um ein hev reidskapar, kva utdaning læraren hev o. a. Jamvel når veret meinkar uteøvingar flest, vil ein likevel ofte kunna ta noko laup, eit kapplaup eller ein leik ute til umbyte: ein bør då nytta høvet. 3. Arbeidsplan. Ein lyt arbeida etter fast plan og uppsette timesetlar. Øvingar og timesetlar som høver for eitt alderssteg, høver ikkje for alle. Difor må timesetlarne vera sette upp for dei ulike alderssteg. Det gjeld å nytta dei til rettleiding, og fyrebu seg til kvar time. Her som i andre fag vil planlaust arbeid ikkje gjeva den vinning ein med rette kann og bør venta. 4. Tidi. Øvingane bør ein helst leggja inn um lag midt på skuledagen, med y 2 time um gongen; t. d. fyrst 3 timar vanleg undervisning, so Yz time kroppsøvingar, so middagskvild, og so 2 timar vanleg undervisning.
Skann 75 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 71». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/75/