SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 70 skann 74

GYMNASTIKK. F YREMÅL. Ei frisk sjel i ein frisk kropp. PLAN. Denne normalplanen tek ikkje med noko um einskildting, timesetlar, leikar og idrottsøvingar o. s. b.. Tilhøvi er heilt ulike på dei ymse stadene både når det gjeld skuletid, klassebyte, husrømd og reidskapar, Upplæringsplanen lyt jamt retta seg etter tilhøvi på staden. Når skulestyri skal utarbeida planane i det einskilde, bør dei fylgja dei rettleidingane som dei offisielle lærebøker og gymnastikktimesetlar gjev. RETTLEIDINGAR, Upplæringi i gymnastikk og i leik og idrott tek ikkje berre sikte på det fysiske grunnlaget for uppsedingi gjenom uppøvingi av kroppen; ho hev og til fyremål å fremda vilje- og karakter-voksteren. Ein bør setja seg til mål for denne undervisningi å styrkja helsa og ein harmonisk kroppsvokster, auka venleiken og krafti i rørslone, skaffa viljen herredøme over kropp og lemer, øva til disiplin og kameratskap, fremda mod, sjølvtillit og snarræde, temja borni til å tøyma seg sjølve og å halda ut, og venja dei til ei høvisk framferd. Upplæring i dette faget bør ein driva i alle klassar, um det er råd til det. Gjentone treng gymnastikk likso vel som gutane. Jamvel um ein ikkje hev serskilde timar til faget, lyt ein ha kroppsøvingar i småskulen og, og helst ei liti stund kvar dag til umbyte. Ein tek det då for det meste som leik, helst utanum klasseromet.
Skann 74 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 70». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/74/