SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 69 skann 73

Alle borni skal vera med i songen. Dei minst musikalske må læraren hjelpa på beste måten, so dei kann fylgja lågmælt med. Finn læraren — etter fleire års samvitsfull prøving —- at eit barn heilt vantar øyra, fær det sidan berre høyra på. Elevane skal læra eit godt utval av dei beste og mest kjende songane og salmane våre. Utvalet bør ikkje vera nett det same for kvart årskull. Ein fær gå ut frå at elevane i dei ymse klassane lærer av kvarandre, og ved å byta litt for dei ymse årskull vil ein syngja inn eit rikare og meir skiftande utval. Eit mindre utval songar og salmar lærer borni utanboks. Fyrr dei fær desse til heimelekse, lyt ein ha gått igjenom teksti nøgje på skulen, lært melodien vel, og sunge songen fleire vendor. Forutan den metodiske læreboki lyt alle storskuleelevane ha isalmebok med notar i, og ei songbok med eit nokolunde rikt utval songar. Heile skuletidi må ein syngja so ofte det høver i hop med undervisningi elles. Borni må få ei sterk kjensle av at songen — som all onnor kunst — er ei hjelp til å lyfta hugen upp over dagsens møde. 69
Skann 73 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 69». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/73/