SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 68 skann 72

68 4.-7. sku1e å r e t. Øvingane i song etter øyra held fram. Melodiar som fyrr er lærde, tek ein upp att, og øver inn nye. Undervisningi går stegvis fram til vanskelegare songar og salmar; læraren fylgjer planen i den metodiske læreboki som er innførd. Notelære og notesong etter planen i læreboki. På alle steg øvingar til å frømda resonans og ande- drag. Tonespenn: 4. skuleåret c —f 5. » b—f 6. » b —f, 7. » a—f. Når borni les radt og greidt, syng ein forutan i læreboki ogso i salmeboki og i den songboki skulen nyttar (tekstbok) . METODISKE RETTLEIDINGAR. Songtimen bør taka til med røyst-øvingar, frå fyrst av stutte og lette øvingar med lite tonespenn; borni syng lågmælt. På dei høgare stegi øvingar med jamt utvida tonespenn og styrke etter ein fast plan. Ein syng fyrst lange einskild-tonar, so fleire i rad upp og ned, og til slutt heile skalaen. Når ein øver, nyttar ein skiftevis bokstavnamn på tonen, sol-fa-namn og sjølvljod med lette medljod (m, n) fyre. Ein må leggja vinn på at borni står rett når dei syng, hev rett munnstode, rett tonetrykk, klår og rein uttale, og at songen kann fremda andedrag og hovudresonans. Borni må læra å bruka røysti rett, — uvanar og lyte (nase- Ijod, halsklang o. s. b.) må ikkje få koma med. Når ein øver inn notelæra, går ein stegvis fram; for kvar time tek læraren det han hev bruk for og kann nytta straks. Ved hjelp av tonestigen, linesystemet (og orglet) syner læraren korleis ein byggjer kvar ny skala, og korleis han svarar til det som fyrr er lært, og at moll-skalaen er lik ein skala på 6. steg i dur. Alle borni lyt ha ei metodisk lærebok med notar, tekst og teoretisk rettleiding, so snart dei kann greida å nytta henne. Hev skulestyret ikkje fastsett ein viss metode som læraren skal fylgja i songundervisningi, lyt han sjølv velja ein (klang- eller formelmetoden), og den planen som er vald, må ein fylgja heile skulen igjenom.
Skann 72 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 68». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/72/