SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 67 skann 71

SONG. MÅL. Borni skal læra å nytta røyst og øyra og få dei uppøvde, — dei skat læra syngja dei mest kjende songane og salmane våre rett, reint og vakkert, og dei skal ha kjennskap til notelæra og øving i song etter notar, so dei kann stydja seg til notane når dei skal læra nye melodiar. PLAN. 1. —3. skuleåret. I 1. skuleåret driv ein ikkje songen som serskilt fag. Frå 2. skuleåret fær songen serskilde halvtimar. Ein syng ofte — vanleg i alle timane — men ikkje for lenge um gongen. Barnerøysti må ikkje forrøynast. Etterkvart må borni læra små barnesongar med lette og helst kvike melodiar, og nokre salmevers. Læraren går igjenom versi vel og segjer dei fyre, til borni kann dei utanåt. Han legg vinn på tydeleg og rett uttale. Melodien lærer dei på den måten at læraren syng og spelar han, og borni fylgjer med. Tonespenn: 1, skuleåret d —d 2. » c —d 3. » c—e Lette vokal- og åndedrag-øvingar. Til å fremda hovudresonans øver ein mest på dei høge tonane (frå g og uppetter). I 3. skuleåret tek ein til med fyrebuande øvingar til notelæra. Fråstandet tonane imillom i durskalaen etter tonestigen, nokre trefføvingar stegvis. Fyrst vert talnarani nytta, seinare notenamni i G-dur.
Skann 71 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 67». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/71/