SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 63 skann 67

o 6 7 8 sjonsteikning. Størst vekt legg ein på at barnet fær tak i dei rette høvi og gjev dei att. Etterkvart gjev ein att verknaden av ljos og skugge. Barnet hjelper fram fargesansen med det at det ogso fargelegg teikningane. Det høver godt å fargeleggja teikningane av flate ting i 4. og 5. klassen; dei vil elles verta ståande som tome umrit. Heile skulen uppetter bør ein serleg fargeleggja dei teikningane barnet lagar etter naturting, for naturfargane er vakrare enn alle andre. Som i småklassane nyttar ein i 4. klassen fargestiftar til fargeleggjing; frå 5. klassen og uppetter umframt fargestiftar og kolstiftar ogso vassfargar. Både i attgjeving av form, farge og skugge skal barnet freista gjeva att tingen slik det sjølv ser han. Det lyt difor alltid tydeleg sjå den tingen det skal teikna. Teiknar ein etter små modellar, lyt det vera mange av deim til klassen. Likevel bør ein ikkje berre teikna mindre ting, set på stutt fråstand, men ogso større ting, set på lengre fråstand, so barnet lærer seg å halda dei store høvi for dei viktigaste. Flata åt modellen lyt snu rett mot barnet når det teiknar flate ting i 4, og 5. klassen. Ved det slepp ein perspektiviske vanskar. Dei tingi som er nemnde i modellrekkjone, er berre å taka til døme. Ein kann difor utfylla eller byta deim med andre. Rekk ein ikkje teikna alle, spring ein over so mange på kvart steg, at ein i alle høve på øvste steget fær teikna nokre runde og firkanta ting perspektivisk. Di høgare upp i klassane ein kjem, di meir vil den ulike givnaden hjå elevane koma fram. Dette må læraren taka umsyn til, so ikkje dei mindre gåverike held dei flinkaste attende. Læraren må uppmoda barnet til å teikna heime gong og annan, gjerne ting som det sjølv vel. Undervisningi kjem helst til å verta samarbeid millom læraren og klassen; han .steller spursmål som elevane svarar på — gjenomgår uppgåva, og sidan går han ikring og rettar, medan borni teiknar. I fyrstningi tek han uppatt ei slik gjenomgåing for fleire uppgåvor, og seinare kvar gong dei tek til med noko nytt og når han går igjenom vanlege feil. Men det 63
Skann 67 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 63». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/67/