SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 64 skann 68

64 er rettingi som alistødt vil taka meste tidi åt læraren. Rettingi utfører læraren hjå kvar einskild elev, og det gjer han helst på den måten at han fær eleven til å finna ut mistaket sitt sjølv ved at sjå betre på tingen. 9. Dei modellane som trengst, lyt alle skular hava. 4. klassen. Ting til å teikna i tvo dimensjonar. 1. Golvsteinar (kvadratisk, einsleta). 2. Skrivebok, reknebok o. 1. 3. Spikkefjøl (rektangulær). 4. Konvolutt (framside, bakside, open). 5. Skifertavle. 6. Linjal, 7. Snikkar vinkel, 8. Timetabell. 9. Hovudlinjal. 10. Lykelbrett. 11. Dam- og sjakkbrett. 12. Råmor. 13. Bokperm. 14. Vinkelhake. 15. Vaterpass, 16. Flagg. 17. Blyant. 18. Svepe, stav. 19. Dør. 20. Blad (einfelde) av pil, selje, hegg, syren, pæretre, alm, lind. 21. Blomar: Blåsymre, kvitsymre, smørblom o. 1. 22, Frukter; Kissebær, stikkelsbær, plomor. Fargeleggjingi gjer ein med fargestiftar i denne klassen. Litt skuggeleggjing, t. d. på nr. 5, 17, 18, 19. 5. klassen. Ting til å teikna i tvo dimensjonar 1. Hjul («trillehjul»). 2. Skot skive. 3. Drake. 4. Frakkehengjar. 5. Tavlepassar. 6. Vifte.
Skann 68 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 64». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/68/