SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 62 skann 66

TEIKNING. MÅL. Å f rømda evna til å sjå hjå barnet — læra det til det — og øva det upp til å gjeva att i teikning det det ser eller hev set. PLAN. 1.—3. skuleåret: Sjå under heimbygdskunnskap. 4.—7. skuleåret: Sjå planen for desse skuleåri. RETTLEIDINGAR. 1. Frihandsteikning i barneskulen driv ein noko som teikning etter ting, noko som teikning etter minnet. Fyremålet med undervisningi er nemnt under «Mål». Eit vidare fyremål er å øva borni soleis i å teikna at det vert ei god hjelperåd som dei sidan kann nytta i det praktiske livet. 2. I dei vanlege teiknetimane i storskulen driv ein for det meste teikning etter ting, medan teikning etter minnet mest vert drivi i samband med skulefagi elles, helst i dei lågaste klassane. Ogso i dei vanlege teiknetimane bør borni av og til teikna etter minnet, noko beint i samband med dei ting dei teiknar, noko med ting dei hev set utanum teiknetimen; dette skal tena til å øva borni upp i å teikna snøggare, og til å nytta teikning med større tame praktisk. 3. Teikning etter ting lyt byggja på det barnet sjølv ser. Ein teiknar serleg etter bruks- og naturting. 4. Barnet teiknar etter augnemål; til kontroll og studnad for dette øver ein det i å taka siktemål. Linjal eller liknande hjelperåder må ein ikkje nytta utan til konstruk-
Skann 66 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 62». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/66/