SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 61 skann 65

5 6 7 Klasseundervisning er sjølvsagt det beste; i 7-delte ■skular held ein heile klassen saman i eitt parti. Er klassen delt i parti, lyt læraren stødt sjå til at kvart parti fær den rettleidingi som trengst, og at det eller dei parti som ikkje fær undervisning, verkeleg arbeider med øvingane sine. Det er reint gale å lata borni frå same årskullet arbeida med ulikei øvingar, etter som dei skriv snøgt eller seint, altso å ha so mange parti som klassen hev elevar. Nye skriveøvingar fyrebur ein på veggtavla. Skriveplansjar kann ein nytta til å syna borni fullkomne skriftformer, men ikkje til, vanlege fyreskrifter. Bokstavane på plansjane lyt vera tydelege, og so vidt store at heile klassen godt kann sjå deim utan å røyna augo; læraren lyt akta på at dei elevane som skal sjå på bokstavane, so vidt råd er hev plansjen rett framfyre seg, also minst mogleg på skrå, og at plansjen vert stelt upp høveleg langt frå elevane. — Læraren syter for at soli ikkje skin på plansjen, på veggtavla når ho vert nytta, eller i skrivebøkene åt elevane. I alle skriftlege øvingar må læraren nøgje sjå etter arbeidet åt elevane i klassen, retta feil hjå kvar i ser og samla på veggtavla. 61
Skann 65 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 61». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/65/