SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 60 skann 64

SKRIVING. M Å L. Tydeleg, endefram og vakker handskrift. PLAN. Alle skular må innfør a eit godkjent skriveverk, og: ein må fylgja planen i det i all skriveundervisning, ogso um ein i skrivetimane jamsides skrivebøker med prenta fyreskrifter nyttar høker utan. RETTLEIDINGAR. 1. Heilt frå borni byrjar på skulen, lyt ein venja dei til orden og grannsemd. Skrivebøkene må dei halda reine og skipelege. Fingrane reine. Slurv må ein arbeida sterkt imot i alle skuleåri. Ikkje blekk-klattar i bøkene! Ikkje blekk på fingrane eller på pultplata. 2. Bokstavformene lyt vera einsvorne og endeframme, utan krusedullar, alle skuleåri. I dei siste skuleåri bør borni få læra praktiske forenklingar av bokstavar og bokstavsambindingar som er vanlege i forretningsskrift. 3. Det borni lærer i skrivetimane, må ein krevja gjenomført i alle skriftlege øvingar på skulen og i dei skriftlege heimearbeidi. På alle steg bør ein arbeida for vakker og tydeleg handskrift, reine og skipelege skrivebøker og ei ven og greid føring av kvar einskild øving. Skal elevane ha fullnøgjande nytte av undervisningi i skriving, lyt både lærar og elevar arbeida med trott, orden og grannsemd i alt skriftleg arbeid på skulen. 4. Ein må læra borni til å sitja rett, naturleg og fritt når dei skriv. I alle skuleåri lyt læraren akta på at ingen av elevane sit ulagleg eller slik at det er til skade for helsa når dei skriv. Skulane bør ha pultar med ymis storleik.
Skann 64 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 60». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/64/