SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 49 skann 53

NATURKUNNSKAP. MÅL. Kjennskap til: 1. eit utval av dei viktigaste innanlandske dyr og plantar (når ein vel tilfang, tek ein serleg umsyn til tilhøvi på staden), deira bygnad og liv, og til sume meir kjende utanlandske dyr og kulturplantar. Det bør vera ei hovudsak i arbeidet med naturkunna at barnet fær sans for det dyre- og plantelivet som er ikring det og kjærleik til det. 2. eit utval av dei viktigaste fysiske og kjemiske tilgangane frå dagleglivet, og i samband med dei nokre døme på korleis menneski nyttar ut naturkreftene. 3. Korleis mannekroppen er bygd og dei viktigaste reglane for å halda helsa ved lag. PLAN. 1.—3. skuleåret. Fyrebuande undervisning i samband med heimbygdskunnskapen. I 4. og 5. skuleåret tek ein fyre seg dei dyri og plantane som er nemnde; dei fell då i tri gruppor: 1. Dei som vert skildra til type. 2. Dei som vert skildra mindre utførleg, fordi dei stort set hev same bygnad som ein type ein hev greidt ut um, 3. Dei som ein berre syner fram (tingen sjølv eller bilete) og nemner. 4
Skann 53 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 49». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/53/