SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 50 skann 54

50 4. skuleåret. A. PLANTAR So vidt råd er greider ein ut um plantane etter kvart som dei blømer. Difor lyt ein byta plantelæra på vår og haust. For å nytta tidi best mogleg kann ein lata plantelæra få timar frå andre fag um våren og hausten, mot at desse fagi fær timane att på ei onnor årstid. Er det vandt å finna ein plante som er førd upp til type, kann ein taka fyre seg ein nærskyld plante. Rekkjefylgja lyt verta ulik etter tidi skuleåret tek til — vår eller haust. Døme: Um hausten. Åkersenap, kål, kålrot, nepe, peparrot. Blåbær, tyttebær, røsslyng, (blomen greider ein ut um næste våren). Ert, baunor, kløver (vikke). Karve, gulrot, (persille, selleri, hundsløkje). Potet, tobakk. Gullboste, prestekrage, (tistel, ryllik, salat). Um våren. Bryddingsprøve med erter og korn Hegg, plome, kissebær, morellar. Apal, pære, rogn. Ein repeterar blåbær og tyttebær, og tek no blomen med. B. DYR. Til innleiding greider ein stutt ut um mannekroppen, på 2 —3 timar eller litt meir: hud, musklar, bein, melting, blodringlaup, anding og nervesystem. So få einskildting som råd er. I. Spendyr. Katt, gaupe, (løve, tiger). Røyskatt, skogmår. Hund, ulv, rev. Bjørn, (isbjørn). Ku, sau, geit. Litt ura krøterstell. Elg, rein, (hjort). Hest, (esel).
Skann 54 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 50». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/54/