SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 47 skann 51

47 lag, næringsvegar, bygder, byar o. s. b. Det gjeld å gjeva klassen eit klårt og heilsleg bilete av den landsluten ein hev fyre seg. Læraren bør leggja undervisningi slik at geografitimen so vidt råd er, kjem til å likna ei ferd som klassen gjer gjenom landsluten med læraren til rettleidar, og sameleis frå landslut til landslut gjenom heile landet. Når turen kjem til framande land og framande heimsbolkar, går ein fram på same måten so vidt råd er. Ein bør då ikkje gjenomgå eit land på den måten at ein tek fjolli i landet for seg, fjordane for seg, elvane for seg, byane for seg o. s. b. Dette hindrar likevel ikkje at ein nyttar den siste framgangsmåten når ein repeterar. 6. So langt tidi rekk og i den mun læraren finn det tenleg, tek han med viktige sogeminne som knyter seg til dei stadene som vert umtala. Når ein hev fyre seg framande land, fortel læraren dei viktigaste dragi or soga åt vedkomande land — han fær i kvart einskilt høve sjølv avgjera kva han skal taka med og kor mykje. 7. Det borni kann i naturkunnskap lyt ein ogso nytta ut og fylla ut i geografitimane. Viktige kulturplantar og dyr o. a. går ein igjenom når ein hev um deira serlege heimstad. Framum alt lyt læraren ha dette for auga når dei held på med framande heimsbolkar. Viktige dyr og plantar frå framande land (t. d. løvor, tigrar, antilopor, slangar o. s, b.; kaffi-, te- og tobakksplanten o. s. b.) som borni bør vita noko um, går ein helst igjenom i geografitimane, ikkje i naturfagtimane. Når læraren tek desse emni saman med geografien åt vedkomande land, fær han syna kva verd dyre- og plantelivet hev for livsvilkåri og levevisi i det heile åt folket. 8. Berre dei viktigaste namni tek ein med. Visse fyrestellingar må knyta seg til kvart namn borni lærer. Namn på stader som læraren ikkje kann fortelja eitkvart um, bør han aldri krevja at borni lærer. 9. Borni må ofte få lov til «å reisa» på kartet. Det er både morosamt og gagnleg. Læraren eller sume gonger einkvan av elevane leider «reisa» på veggkartet, og borni fylgjer med, anten på veggkartet eller på skulekarti sine. På denne måten lærer dei fjelldrag, fjellovergangar, vassdrag, jarnvegslinor o. s. b. Læra-
Skann 51 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 47». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/51/