SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 46 skann 50

46 i 2. deildi. I desse skulane vil ein i hovudsaki kunna fylgja planen for 7-delt skule med lite grand tillemping av pensumet for 6. klasse. Norigs geografi må ein taka so utførleg som råd er i alle skular. RETTL EID INGAR. 1. Ved all undervisning i geografi lyt ein nytta kartet. Ved heimbygdskunnskapen i 3. skuleåret lyt ein leggja mykje arbeid på å gjera tydeleg og klårt for tanken kva dei ymse kartteikni tyder og prenta det inn. Ein må nytta høvi til å halda fram med dette arbeidet i 4. skuleåret og. Borni lyt læra kartteikni vel (hav, land, fjordar, sjøar, elvar, lågland, høgland, fjell o, s. b.), so dei med å «lesa» på kartet kann laga seg eit nokolunde rett og klårt bilete av eit landskap. Ein må venja dei til å f inna fram på kartet på eigi hand, og til mest mogleg å læra leksone sine på kartet. 2. Kartrit på veggtavla, teikna både av læraren og av elevane under tilsyn frå læraren, og i teiknehefte bør ein nytta, serleg til å kjarleggja og innprenta viktige detaljar. Kartriti må vera skipeleg utførde, men størst vekt hev det at tilhøve og fråstand er rette. Kartriti på veggtavla teiknar ein snøgt, ein bør ikkje her kasta tidi hurt til uturvande rettingar. 3. I samband med punkt 1 og 2 syner og klårgjer læraren at mælestaven på dei ymse karti ikkje er den same. Døme: 1. Heimbygdi på heimstadkartet og på Norigskartet. 2. Norig på Norigs-kartet, på Europadiartet og på heimskartet. 4. Det er fyresetnaden at ein i 1. deildi greidde grundig ut um heimbygdi og landsluten heimbygdi ligg i — som heimbygdkunnskap. Det borni lærde der — um naturtilhøve, livsvilkår o. a. — nyttar ein til jamleg klårgjering og jamføring når ein gjenomgår framande landsluter og framande land. På alle stegi må læraren leggja vinn på å klårleggja samanhengen millom naturtilhøvi (landslaget, lægje, verlag o. a.) og livsvilkår. Det lyt koma tydeleg fram at næringsvegar og livsvilkår i det heile, alle stader er bundne av lægje og naturtilhøve og lyt retta seg etter dei. 5. Når ein greider ut um eit land, t. d. Norig, tek ein kvar landslut for seg til heil utgreiding, med natur, ver-
Skann 50 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 46». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/50/